Kvinnheringen fekk tips om aktiviteten frå ein halsnøybu som lurte på kva som vart tatt opp frå sjøen. Kvinnheringen var i kontakt med styrmann Vidar Lervik i OV «Utvær» onsdag føremiddag, og då skildra han oppdraget slik:

– Vi vart kontakta av 110-sentralen om at det låg noko og flaut i området. Det såg ut som noko blåaktig presenning- eller duk-aktige greier. Vi tok opp 350 meter lengde av dette som var om lag ein halvmeter breitt. Sidan det låg i overflata, var det til fare for båttrafikken.

Vakthavande brannbefal i Kvinnherad brann og redning, Thomas Hallquist, kan opplysa at det var privatpersonar som oppdaga avfallet i sjøen, og så varsla brannvesenet.

– Vi sjekka først om det kunne vera ein undervasskabel som hadde flotna opp, men fann ikkje noko slikt på kommunen sine kart. Difor gjekk vi vidare med saka til 110-sentralen som igjen praia OV «Utvær». Det var flott at Kystverket var tilgjengeleg og ordna opp.

Styrmann Lervik opplyser at «Utvær» var på veg sørover i Langenuen då dei fekk oppdraget, og dermed var dei raskt på staden.

– Vi fylte opp ein 10 fots vanleg konteinar med det vi tok opp, men vi fekk ikkje laus alt, noko sit framleis fast på botnen, forklarar styrmannen.

Vanlegvis har OV «Utsira» mest oppdrag med vedlikehald av sjømerke, men skuta er også ein del av oljevernberedskapen (derav OV-forkortinga før namnet).

Restar frå skjeloppdrett

Med «Utvær»-styrmannen si skildring av korleis det flytande avfallet såg ut, ringde det nokre arkivbjeller i hovudet til journalisten. For i 2009 var Kvinnheringen med Havforskningsinstituttet på båttur i same området. Då sjekka havforskarane korleis det stod til på havbotnen, på om lag 10 meters djupne, tre år etter at ein million kamskjel vart sette ut på eit inngjerda område. Havforskarane som dykka på staden skildra det heile slik: «Inngjerdinga er ein halvmeter høg, er laga av presenning og er sett opp for å halda krabbar og sjøstjerner unna delikatessene». (Kvinnheringen på papir 9. desember 2009).

Selskapet bak kamskjelsatsinga var Norskjell AS med adresse Huglo. Firmaet eksisterer framleis, men har ikkje hatt inntekter på mange år. Ut frå den offentlege rekneskapen er to millionar kroner i gjeld det firmaet har å skilta med i dag.

Dagleg leiar i Norskjell AS, Leif Nordtveit, driv no med andre aktivitetar, men lyttar med interesse når Kvinnheringen fortel om kva Kystverket tok opp frå sjøen tysdag.

– Det er nok om lag 1.000 meter igjen, sukkar han, og ber om å få mobilnummeret til styrmannen om bord i «Utvær».

– Korleis gjekk det med kamskjelsatsinga?

– Ikkje særleg bra. Drifta vart innstilt i 2012–2013, og seinare har målet vore å få til andre inntektsgivande aktivitetar i selskapet, mellom anna for å få inn pengar til å rydda opp.

– Det vart ikkje noko suksess med kamskjela utanfor Halsnøy Kloster?

– Nei, det vart for mange sjøstjerner og andre utfordringar i heile produksjonskjeda. Per i dag er det ikkje pengar i selskapet til opprydding på havbotnen, men eg har heile tida hatt eit mål om å rydda opp, seier Nordtveit.

I nye konsesjonar for skjeloppdrett, stiller staten no krav om at oppdrettarane set av nok pengar til opprydding. Slik var det ikkje den gongen Norskjell, og mange andre skjeloppdrett-pionerar, starta opp.

Styrmann i OV «Utvær» veit førebels ikkje kva som vil bli gjort med avfallet som ligg igjen.

– Det blir Kystverket sentralt som må ta stiling til dette, seier Vidar Lervik.