Det viste seg å vera Kystverket sin båt, med mannskap som skulle vedlikehalda og reparera staken ved Kuholmen mellom HMR og Storholm.

At folk  blir litt nysgjerrige når dei ser ukjente skip i nærområdet veit vi frå før, og derfor deler Kvinnheringen to tilsendte bilde av båten, eitt tatt av Håkon Røstbø, og eitt av Per Steinar Rørvik.

Kor ofte Kystverket gjer slikt vedlikehaldsarbeid veit vi ikkje, men slike stakar får jo naturleg nok hard medfart av både vind og bølgjer over tid.