«La nattevakta overleva!»

Av
DEL

MEININGARVyrde Kommunedirektør, administrasjon og folkevalde: La nattevakta overleva!

At Vår flotte kommune er langstrakt, vakker og høgreist, råder det lite tvil om. At det er som ein draum å få veksa opp her, blant fjord og fjell, kan me alle også vera samde om.

Men for at me skal kunna trivast her, er det viktig for oss at me kan føla oss trygge og godt ivaretekne, spesielt når det gjeld ulike helse- og omsorgs-tenester.

Når kommunedirektøren og administrasjonen no vel å leggja ned nattevakta på Varaldsøy, fordi den har vore lite i bruk, vert det som å argumentera for å kutta bruk av røykvarslar. Dette vert heilt meiningslaust.

Med skiftane vestlandsver kan me konstatera at det ikkje alltid er mogleg å komma seg til og frå, samstundes som me veit at responstida er viktig for utslaget på resultatet.

Helselaga i Kvinnherad er opptekne av at alle kvinnheringar skal kunna føla seg trygge, uansett adresse, og vil med dette gi vår varmaste støtte til Sanitetskvinnene og resten av innbyggjarane på Varaldsøy.

Så kjære folkevalde: Vis ansvar! La Kvinnherad verta ein kommune å sjå opp til ! La ungdomen vår få lyst å busetja seg her!

Venleg helsing

Rosendal helselag

Seimfoss helselag

Løfallstrand helselag

Husnes helselag

Uskedal helselag


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags