Barnekor med noko attåt

Dei kjem frå Mauranger, Åkra, Husnes og andre stader i kommunen, for å syngja, leika og eta middag saman.
Publisert

Det er Solfrid Siqveland som med lun humor og fast hand leiar øvingane til Rosendal søndagskulekor. Instruksjonane er klare og tydelege, og dei unge koristane forstår fort kor ho vil hen. Dei tek poenga og smiler når dei får det til. Kanskje sit dei ikkje som tende lys, men du verda som dei syng ut.

– Her i koret skal vi ha det gøy og sosialt saman. Vi syng, leikar og et middag saman før øvinga startar. Medan borna øver kan foreldra hyggja seg med ein kopp kaffi, seier Solfrid Siqveland.

Det var fleire som etterlyste eit tilbod om barnekor, og meinte det var behov for det. Siqveland vart spurd, og sa ja. Det skjedde for to å sidan.

Det er torsdag. Klokka går mot 16.00. I det vi stig inn døra i Rosendal bedehus slår eimen av nylaga middag mot oss. Born og vaksne samlar seg rundt borda og får servert nylaga tomatsuppe med egg frå dagens kokk, Oddbjørg Heimark.

– Mange av oss har små born, då er det ikkje så lett å først dra heim frå jobb og laga middag, før einn skal dra på øving. Difor fann vi ut at vi startar øvingskvelden med ein felles middag. Dermed har vi fått til eit tilbod der vi slepp å splitta familien. Her får både foreldra og borna tilbod om middag, seier Solfrid Siqveland.

Tilbod til alle

Når middagsmåltidet er ferdig, vert dei 20 borna frå to til 12 år delt i to grupper. Dei yngste vert samla i eit rom, dei eldste i eit anna. Mot slutten av øvinga vert alle samla til felles song.

– Vi har plass til fleire på øvingane våre. Eg tenkjer at dette kan vera ein fin møteplass for integrering. Hadde vore veldig kjekt om nokre av dei nyinnflytta ville koma hit. Det kan vera ein god måte å bli kjent med andre, meiner Siqveland.

På repertoaret står både norske songar og gospelsongar som vert framførde på engelsk. Koret deltek med jamne mellomrom på ulike arrangement. For ei tid tilbake deltok dei unge songarane på eit stort arrangement i Grieghallen saman med 400 andre songarar frå ulike barnekor. Neste veke skal dei på kortur til Åkra og syngja under ei familiesamling. 17. mai skal koret syngja under gudstenesta i Kvinnherad kyrkje.

Positivt

Runa Isene flytta til Husnes i fjor haust. Denne torsdagen har ho for første gong teke med seg dottera Helena til Rosendal for å delta på korøving.

– Eg er sjølv glad i korsong og ønskjer at Helena skal få vera med på dette. Opplegget her er heilt perfekt. At vi får middag gjer det heile enklare, då kan eg gå direkte frå jobb utan å tenkja på middagslaging, seier Runa.

Kristian Jensen frå Mauranger har med seg døtrene Alma (2) og Johanne (5). Han måtte gå litt tidlegare frå jobb for å nå fram til Rosendal klokka 16.00.

– Jentene storkosar seg her. Den eldste elskar å syngja. Ho var heilt oppe i skyene etter ho hadde fått vore med på konsert. Eit flott opplegg, skryt Jensen.

Frå Åkra kjem det tre jenter for å vera med på korøvinga til Rosendal sundagskulekor.

Koret øver annankvar torsdag.

– Dette er eit tilbod til alle som vil, uansett kor dei bur i kommunen. Vi har plass og tek i mot alle som vil, lovar dirigenten.

Rosendal sundagskulekor

Stifta: 2014

Tilslutta: Norges søndagskuleforbund

Føremål: Kortilbod til born

Stad: Rosendal bedehus

Medlemer: 20

Leiar: Solfrid Siqveland

Artikkeltags