I Skuteviken i Bergen har Norges Miljøvernforbund hovudkontor. Ruben Oddekalv er sonen til forbundets far Kurt Oddekalv, og har arva både det tunge miljøengasjementet og den mildt sagt engasjerte retorikken. Ein onsdag i april har han fått besøk av Veronica Opsanger frå Husnes, som den siste tida har hatt jamleg kontakt med forbundet, og seier ho er takksam for at det står sånn på for miljøet.
‒ Pappa gjekk i den fella at han trudde han kunne gå i dialog med oppdrettarane då han begynte å engasjera seg i dette på 90-talet. Det fungerte ikkje, og han måtte endra tilnærming og metode, fortel Ruben Oddekalv.
Utanfor vindauget ligg ein av desse metodane til kai, skipet MS «Miljødronningen». Med denne har miljøvernforbundet reist land og strand og filma med ROV (fjernstyrt undervassfarkost) under oppdrettsanlegg. Ikkje alle har sett pris på det, og forbundet sine medlemer har både motteke trugsmål og blitt dratt for retten. Sjølv har dei òg politimeldt og ført saker mot mang ein oppdrettar, til dømes etter rømmingar.
‒ I alt vinn vi 60-65 prosent av miljøsakene våre, så at aksjonane våre har noko for seg er det ingen tvil om. Men oppdrettsnæringa er ei vanskeleg nøtt å møta i retten. Næringa har så mykje pengar og er så mektig at mannen i gata kjem til kort, meiner Oddekalv Jr.
Melder og blir meldt
Frå fryseboksen om bord på Miljødronningen viser han fram deformerte fiskar, ein torsk og ein regnbogeaure, som forbundet har fanga langs Norgeskysten og meiner må stamma frå oppdrett.
‒ Aktørar i oppdrettsnæringa er ofte sinte på oss, men dei er òg dei einaste. Dei likar ikkje at vi kallar ein spade for ein spade. Men av og til må ein laga litt sirkus for å få resultat. Og ser vi eit problem, melder vi det. Vi får til dømes mange telefonar frå folk som har fått rømt oppdrettsfisk på kroken, utan at det har vore meldt frå om rømmingar. Då ringer vi sporenstreks til Fiskeridirektoratet og krev at det blir følgd opp, seier Ruben Oddekalv.
I lag med Opsanger ramsar han opp nokre av problema han meiner næringa fører med seg.
‒ Kor mange gonger har ein ikkje høyrd om at no har oppdrettsnæringa løyst luseproblema eller rømmingsproblematikken? Alle gode tiltak blir ete opp så lenge næringa held fram med å auka biomassen. Og denne gode ressursutnyttinga næringa skryt på seg, det er jo berre tull. Dei snakkar om fôrfaktor, men brukar langt meir fisk til å laga fiskefôr enn dei produserer fisk. Næringa har så mange kattar i sekken at kattane har begynt å sjølvdauda, hevdar dei to.
Opsanger ønskjer seg eit nasjonalt forbod mot opne merdar i sjø.
‒ Den næringa fører ikkje mykje godt med seg, og eg er mildt sagt skremt over alt det som kjem fram. Til dømes dette med dei giftige og kreftframkallande stoffa som blir tilsett i fôret. Vi anar jo ikkje kva det vil gjera med oss menneske på sikt. Og så har du miljøaspektet. No innfører Washington og Sverige forbod mot oppdrett i opne merdar i sjø, det er ikkje utan grunn. Vi må tenkja på framtida, på dei som kjem etter oss. Villfisken er fellesarva vår, og den må vi skjøtta om, ikkje utrydda. Etter mi meining bør vi gjera som Washington og Sverige gjer, meiner ho, og legg til:
‒ Alle som sett seg litt inn i dette, ser at mykje som går føre seg i bransjen har mafialiknande trekk. Det er så mykje hemmeleghald og lobbyisme at ein kan bli heilt trist i sjela. Og det handlar jo om storpolitikk og pengar, trass i at næringa eigentleg ikkje bidreg til statskassa med meir enn ein forsvinnande liten del av overskotet sitt, rundt to prosent.
Oddekalv jr. meiner det er urealistisk at næringa forsvinn. Men han vil ikkje at den skal auka, og meiner ein må erstatta alle dagens anlegg i sjø med lukka anlegg.
‒ Det er ikkje sjølve næringa vi vil til livs, men metodane. Lukka anlegg er den einaste måten å få kontroll med problema på, og det er ei investering alle i næringa må ta seg råd til, konkluderer Oddekalv.