Kjærkomne pengegåver til lag og organisasjonar

13 mottakarar var strålande fornøgde etter utdelinga onsdag.

13 mottakarar var strålande fornøgde etter utdelinga onsdag.

Artikkelen er over 2 år gammel

Førre veke delte Sparebanken Vest ut overskot til lag og organisajonar i Kvinnherad.

DEL

75 prosent av vestlandsbanken er eigd av kundane. Difor er det lokalsamfunnet som får ein tilsvarande del av utbyttet til banken. Vivi Tranøy Loftheim, banksjef for filialane i Kvinnherad og på Bømlo, kunne med glede ønskja representantane frå dei ulike laga velkomne i lokalet på Husnes Storsenter onsdag ettermiddag.

– Gjer livet betre

Totalt 415.000 kroner blei fordelte etter søknadar.

– Vi er kjempestolte av å kunna gi desse midlane tilbake til lokalsamfunnet, slik vi som bank har gjort i over 100 år. Er det nokon som gjer livet betre i kvardagen for oss, så er det denne gjengen, sa banksjefen til dei frammøtte.

Gull av gråstein

For halvtanna år sidan stod den nye niarbanen med kunstgras klar i Uskedalen. Prosjektet «Gull av gråstein» har gitt området ved skulen eit etterlengta ansiktsløft. Ny fotballbane, der det før var grus, samt treningsanlegg er kome, og no er snart også klatrepark på plass. Fotballgruppa i Uskedalen Idrettslag fekk 10.000 kroner til å byggja ein oppbevaringstad til utstyr. Sårt tiltrengte midlar som heile idrettslaget vil få glede av, ifølge Kjetil Myklebust, formann i fotballgruppa.

– Dette betyr enormt mykje. Det er lagt ned mange dugnadstimar der inne, sa Myklebust.

Trio, Halsnøy og Rosendal fekk 25.000 kroner kvar til å kjøpa trearbanar. Noko klubbane er pålagde av Norges Fotballforbund å ta i bruk for dei yngste.

«Hjertebank»

Sparebanken Vest inviterer 18. oktober til fest på Husnes. Då skal éin million kroner delast ut. På banken si Facebook-side kan ein nominera kandidatar til utdelinga. Ein ekstern jury plukkar ut dei heldige.

Slik vart midlane fordelte:

IL Trio: 100.000

Festidalen: 100.000

Trio, fotballgruppa: 45.000

IL Halsnøy, fotballgruppa: 45.000

Rosendal TL, fotballgruppa: 25.000

Høylandsbygd Musikkorps saman med Utåker Musikklag: 20.000

Husnes Jazzklubb: 20.000

Rosendal Rideklubb: 20.000

Matre Bygdalag: 10.000

OmStock-festivalen: 10.000

Uskedalen IL: 10.000

Fjellhaugen Skisenter: 5.000

Halsnøy Bygdalag: 5.000

Artikkeltags