Gå til sidens hovedinnhold

Laga eigne kostyme til karneval i barnehagen: – Me kan vera kreative og bruka det materialet me har

Som så mange andre har Espira Halsnøy Kloster barnehage tradisjon med karneval i barnehagen. Då lagar tilsette og barn kostyme og tilbehøyr sjølve: – Arbeidet med å lage kostyme er kjekt og ein viktig del av den kreative prosessen, men vi gjer det også for at foreldre skal sleppa kjøpepress. Me kan bruka det materialet me har, fortel styrar Mona Herskedal Fjelland. Når dei vel tema for karnevalet har barna sin medverknad ein sentral plass. Prosjekt og tema tar ofte til ved at dei vaksne observerer barna sine interesser under leik og aktivitet, og bygger vidare på dei. – Me bruker tid på å gå i djupna og tar utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit, kreativitet og undring, så avsluttar me med karnevalsfest! Det hender også at me fortset vidare med same tema dersom barna ynskjer det. I år har me feira kohortvis med tema som blant anna Hakkebakkeskogen, Kardemommeby, fargar, Gruffalo og Bukkane bruse. Ein festdag med teater, sambamusikk, leik og dans, fortel ho vidare. Dei første bilda er frå teater på skulespirene der Bakemeister Harepus, Klatremus og Bestemor Skogmus var i full sving. Bilde (nr 3) er av to jenter på Haugtussa som har laga seg fine masker til karnevalet