Gå til sidens hovedinnhold

Lagar basecamp for ungdom: – Plutseleg er det nokon som kjem til å elska dette

Artikkelen er over 1 år gammel

I dagane 24.-26. juni vert Basecamp Kvinnherad arrangert for første gong.

Dette heilt nye tilbodet vert arrangert av Friluftsrådet Vest i samband med lokale eldsjeler, og rettar seg mot ungdom mellom 13-16 år. Campen skal vera lokalisert i Uskedalen, der ungdomane skal overnatta i lavvoleir på Rabben Feriesenter. Dei skal sjølve vera med å setja opp lavvoane.

Hovudaktivitetane på friluftsleiren er padling og klatring, men det vil også vera anna moro, som slakk line, Supbrett, pil og boge og fiske.

Base i Uskedalen

– Det blir ein base i Uskedalen, der vi både bur i lag og lagar middag saman, seier Veslemøy Haugland, som saman med Solveig Haugland og Magnus Eide skal vera klatreinstruktør under arrangementet.

Christoffer Fossli er både instruktør og ansvarleg for klatringa, medan

Sverre S. Myklebust skal ha ansvar for kajakkaktivitetane, som skal føregå nedom skulen.

– Vi håpar at det kjem ungdom frå heile kommunen, vi har sett opp plakatar på alle skulane. I tillegg er det kjekt om det kjem nokon frå andre delar av fylket også, seier Veslemøy.

For alle

Ho fortel at basecampen er for alle. Deltakarane treng ikkje å ha noko erfaring frå før, og ungdommane skal få utfordringar ut frå sitt eige nivå.

Dersom ein klarar krava for «våttkort» eller «topptau-kort» så kan ein også få desse på campen. På campen skal ein ikkje vera redd for å prøva noko nytt, men ein treng ikkje ta dei kursa ein ikkje vil.

– Plutseleg er det nokon som kjem til å elska dette, og då må dei jo fortsetja! Då er det veldig greitt å ha desse korta, for då kan ein halda fram etter campen, reklamerer Veslemøy.

Kommentarer til denne saken