Lagar «Syng med oss» på TV Haugaland på grunn av korona – håpar institusjonane vil setja på programmet for bebuarane

Nasjonalforeningen Haugaland demensforening har samla inn midlar til å laga «Syng med oss»-program som skal gå dagleg på TV Haugaland sin kanal.

DEL


Første mål er å laga 10 program som kan gå i reprise. Målgruppa er 60 +.

– Ideen kom då vi såg resultatet av korona-pandemien. Mange eldre er redde for å gå ut eller få besøk, og foreiningslivet for den aldersgruppa er i stor grad lamma. Det er også mindre aktivitetar og besøkande på alders- og sjukeheimar. Vårt mål med programma er at dei som jobbar på institusjonar i regionen skal vita at kvar dag kan dei samla bebuarane og skru på TV Haugaland for å få eit program med song og rørsle. Det kan også dei som sit einsame heima gjera, skriv Eva Narheim i Nasjonalforeningen Haugaland demensforening i ei pressemelding.

Ho legg til at det er behov for meir pengar for å kunna laga nye program.

– Vi håpar at innsamling på Facebook og Vipps-nummer på skjermen, saman med søknader til kommunar, lag og foreiningar og andre, skal gjera det mogleg å laga nye program. Vi reknar med at dei første programma vil bli vist på TV Haugaland om to-tre veker, skriv Narheim.

I første program har programleiar Unni Hilt, Bømlo si store stjerne, Gunnar Andersen som gjest. I program nummer to er Elsa Aanensen gjest, i program tre Roger Handeland og i program fire Hibbi Mannes. På trommer speler Jostein Hustveit, Kjetil Lund speler bass, og Svein Ragnar Myklebust speler piano.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken