Den gratis utlånssentralen «BUA» som held til på Husnes har mykje kjekt utstyr, og denne veka arrangerer Kvinnherad Frivilligsentral ein «popup» der du kan testa noko av dette utstyret. Det skriv leiar for frivilligsentralen, Veronica T. Thorkildsen, i ei pressemelding.

På føremiddagen onsdag blir det popup ved Opsangervatnet, og dagen etter (torsdag) blir det popup ved Holmen i Dimmelsvik på føremiddagen.

Thorkildsen skriv elles at all aktivitet er på eige ansvar, men at frivilligsentralen følgjer korona-retningslinjer om å halda éin meters avstand og vil ha desinfeksjonsmidlar tilgjengeleg, både til utstyr og hender.

– Vi oppmodar alle om å ta med eigne redningsvestar til bruk i vassaktivitetar, og minnar elles om at ein må halda seg heime om ein har symptom på sjukdom, skriv Thorkildsen.

Mann frå Kvinnherad blei lottomillionær