Gå til sidens hovedinnhold

Lagar til møteplass på Varaldsøy: – For alle som treng det

Ordførar Hans Inge Myrvold fortel til Kvinnheringen fredag morgon at kommunen sitt kriseteam har vore i full sving sidan torsdag kveld.

Torsdag kveld blei ei kvinne funnen død på Varaldsøy. Ein person er pågripen og sikta.

På ungdomshuset er det no oppretta ein møteplass, opplyser Myrvold, som sjølv var saman med kommunen sitt kriseteam på Varaldsøy torsdag kveld.

– Møteplassen opnar klokka 10. Der vil det vera open dør for alle som treng det, seier Myrvold til Kvinnheringen.

– Dit kan ein komma om ein berre vil preika eller har spørsmål. Både personar frå kriseteamet og eg kjem til å vera til stades der. Det er eit tilbod for alle i bygda som treng å samlast, legg han til.

Han rosar den lokale branntroppen for arbeidet som blei gjort på øya torsdag kveld. Brannmannskap frå Husnes blei også tilkalla.

– Dei gjorde ein svært imponerande innsats med akutt medisinsk hjelp. Eg vil takka dei audmjukt. Eg set stor pris på arbeidet som blei gjort, seier Myrvold.

Ordføraren seier også at politiet har stengd av eit større område, noko som gjer at det ikkje går an å køyra bil på Kjæraviksvegen.

Les også

Bli med inn på vaksinesenteret: – Ein kjekk, men krevjande jobb

Kommentarer til denne saken