‒ Det er fylkeskommunen som deler ut det endelege løyvet, men vi er uttaleinstans. Men det er vi som deler ut løyve etter forureiningslova.

Det seier Tom N. Pedersen, seniorrådgjevar med ansvar for forvalting etter forureiningslova, og Gry Walle, fiskeforvaltar, begge hjå Fylkesmannen i Hordaland. Dei samarbeider om å gi uttale til søknadar frå oppdrettsnæringa om oppretting eller utviding av biomasse og lokalitetar. I forvaltingsarbeidet støttar dei seg på såkalla fagfellevurdert forsking frå etablerte forskingsinstitusjonar.

‒ Kva kan forureining frå oppdrettsnæringa vera?

‒ Det kan vera alt frå for store utslepp av næringssalt, til fôrrestar, mikroplast, legemidlar, parasittar, medikament og kopar. 83 prosent av koparutsleppa i landet kjem frå oppdrett, då oppdrettarane spyler merdane sine i sjøen, medan til dømes fritidsbåtar er tvungne til å ta båtane i land når dei skal spylast, seier Pedersen.

Han har berre unntaksvist nekta nokon løyve på bakgrunn av forureining, men har ofte gitt somme påbod om dokumentasjon. Han seier at han jobbar ut frå ei forvalting der han gir løyve med atterhald, altså med høve til trekkja tilbake løyvet om ein skulle finna lovstridige forhold etter kvart.

‒ Mine råd kan ikkje strida mot nasjonal rådgjeving, så skulle ein til dømes hatt eit forbod mot koparutslepp, måtte det skjedd noko på direktorats- eller departementsnivå. Det er fullt mogleg, det har blitt gjort i fleire andre land, seier han.

‒ Kor kritisk vil du seia at forureininga er?

‒ Kortsiktig sett kan vi nok leva med den, men fleire av utsleppa kan vi ikkje leva med i eit lengre perspektiv, meiner Pedersen, som systematisk samlar data om koparforureining i fjordane.

‒ Genbanken er redninga

 

Fiskeforvaltar Walle, som er oppvaksen i Omvikdalen, har ansvaret for å uttala seg om villfisken sitt ve og vel.

‒ Det står ikkje særleg sprekt til med villfiskstammane i Midtre Hardangerfjord, altså frå Guddal til Øystese. Her er det stengt for fiske etter sjøaure. Og det er stengt for fiske etter laks i laksevassdrag frå Rosendal og inn, seier ho.

‒ Kva er årsaka til at det ikkje står så sprekt til?

‒ Det er fleire årsaker. Vi reduserer heile tida habitatet til fisken, til dømes ved å leggja småbekker i røyr for å få meir areal på bakken. Generell forureining og utslepp frå landbasert aktivitet, sur nedbør og hogging av vegetasjonen langs elvekantane er andre ting. Men dei største trugsmåla er lakselus og rømmingar av oppdrettsfisk. Villfisken får dobbelt opp av utfordringar sidan dei lever både i sjøen og i elva, seier ho, og held fram:

‒ Gjennom genbankprosjektet har vi fått ei ganske god oversikt over kor mykje fisk som har blitt genpåverka som følgje av oppdrettsrømmingar. Ta til dømes Granvinsvassdraget, her har så mykje som ti av tolv undersøkte fisk innslag av oppdrettsgenar. Avkommet av desse «hybridane» vert dårlegare tilpassa elvene dei skal gyta i; færre går ut av elvene og færre kjem inn igjen.

Ifølgje forsking er det laksen sitt forsvar å ha eigne stammar i dei ulike elvene, og den vetle andelen av naturleg feilvandring rokkar ikkje ved stammane sine eigenskapar, fortel ho.

‒ Det er difor ekstremt viktig at vi tar vare på dei stammane vi har, og dette kan vi berre få til om vi gjennomfører genbankprosjektet, slik at vi får tilført elvene tilstrekkeleg med ny, «genrein» fisk.

Walle fortel at ein i Vossoelva har lukkast med å re-etablera den utdøydde Vossolaksen gjennom genbankprosjektet. Ho er elles oppteken av at det er viktig å få opp engasjementet på elvekantane, slik at folk flest gjenoppdagar interessa for fisk og fiske, og på den måten vil bidra til mellom anna genbanken sitt arbeid.

‒ Dette går begge vegar; i genbanken er vi avhengige av frivillige, og med genbanken så ser vi at engasjementet aukar og vi får mange frivillige, seier ho.

Sjølv om Walle og Pedersen seier ja etter forureiningslova, hender det likevel av dei samstundes rår frå eit løyve til bygging eller utviding av oppdrettslokalitetar.

‒ Det handlar om at vi må sjå på den totale belastinga vi meiner eit område kan tola, sluttar dei.