288 laks gjenfanga

Arkivfoto.

Arkivfoto.

Artikkelen er over 2 år gammel

Like før jul blei det oppdaga ei rømming frå Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg i Åkre. 288 laks er no fanga inn igjen, skriv Kyst.no onsdag.

DEL

Rømminga skjedde i samband med avlusing og handtering.

– Marine Harvest sin lokalitet i Åkre fekk ei temmeleg stor rift i nota på rundt fem til seks meter. Holet ble oppdaga rimeleg fort, derfor mistenkjer Marine Harvest og Fiskeridirektoratet at det er snakk om ei mindre rømming, seier seniorrådgivar Geir-Martin Kvamme i Fiskeridirektoratet til kyst.no.

Han uttalar òg at ein bør sjå på om talet handteringar av fisken bør reduserast noko, då direktoratet har registrert at meir fisk blir handtert og behandla hyppigare enn før.

Kyst.no skriv at talet rømt laks enno er ukjent, og nye teljingar vil ikkje bli gjort før på nyåret. Fiskeridirektoratet ser alvorleg på rømminga, men meiner tidspunktet er heldigare enn elles sidan det er seint på året og villfisken alt har vandra opp i vassdraga.

Marine Harvest melder i dag (fredag) at mottaket av rømt fisk er utvida. I tillegg til tidlegare annonserte mottak, blir det mottak på Nernes også 2. og 9. januar, og på Ænes 3. og 10. januar. Oppdrettselskapet betalar framleis 500 kroner for kvar fisk som er rømt frå det aktuelle anlegget.

Artikkeltags