Ingrid Askeland Johnsen i Havforskingsinstituttet forskar på lakselus. Ho jobbar med den såkalla lakselusmodellen, der ein reknar lakselusutslepp frå alle oppdrettsanlegg og kor langt dei vert transportert med straumen.
‒ Ved ti centimeter per sekund med straum, som ikkje er spesielt mykje, kan lusa blir flytta 360 meter i timen, altså ti kilometer om dagen. I det dei vert smittsame etter fem til ti dagar, kan lusa dermed ha hamna ein heilt annan plass enn den først blei sleppt ut. Gjennom modellen, der vi reknar straum i fjordane, kan vi altså finna ut kor lusa vil dukka opp, forklarer forskaren.
Dataa blir registrerte på eit spreiingskart, publisert på lakselus.no, og her kan ein sjå at Hardangerfjorden er eit lusebelasta område. Her kan ein òg sjå observasjonane av talet lus på fisk som er plassert i bur i fjorden om våren og forsommaren.
‒ Villfisken i fjordane er ofte utsette fordi lusa har eit avgrensa areal å spreia seg på her, samstundes som fisken sym lenge i det same vatnet. Med oppdrett har lusa òg fått langt fleire fisk å hengja seg på, så sjølv om næringa har blitt flink til å halda nivået nede på sine fisk, er det blitt ekstremt mange vertar, slik at vi ser at villfisken i Hardangerfjorden har mykje lus på seg, seier ho.
Fleire døyr om våren
Oppdrettsfisken har rundt 0,1 lus i snitt, medan det på villfisken i gjennomsnitt blir observert alt frå åtte til 23 lus på det meste.
‒ Årsaka til at oppdrettsfisken har så lite lus er på grunn av avlusinga, og dette er ein viktig jobb for å halda lusenivået mest mogleg nede.
‒ Kor mange lus toler ein fisk å ha?
‒ Det kjem an på storleiken på fisken. Eg jobbar mykje med villsmolt som skal vandra ut i fjordane, og ser at ein slik liten ein med ti lus på seg har svært dårlege odds, seier Johnsen.
I lag med rømming frå oppdrettsanlegg vert lakselusa rekna som det største trugsmålet mot villfisk i Hardangerfjorden.
‒ Har nivået lakselus gått opp eller ned her dei siste åra?
‒ Her er det store mellomårlege variasjonar, men sidan 90-talet såg ein ei betydeleg betring jamt over. Og då var det betre i eit par tiår på grunn av god effekt av avlusinga. Dei siste åra har elles lakselusa utvikla resistens mot dei medikamenta som virka godt før, så etter det har vi igjen sett ei gradvis forverring, seier ho.
Hardangerfjorden har dei siste fem åra hatt ein koordinert produksjonssyklus for oppdrettsanlegga, så lusebelastinga mellom elvene varierer i takt med denne. Men det totale talet fisk er framleis den største utfordringa, legg ho til.
Lusenivået aukar utover i sesongen ettersom temperaturen aukar, slik at ein om våren får ein eksplosiv auke i lus. Dei elvene der fisken vandrar seint ut vil difor bli hardare råka enn der fisken vandrar tidleg ut. Dødelegheita på fisken aukar frå 9 – 60 prosent utover våren, kjem det fram i risikorapporten til HI.
‒ Vi har dei siste åra òg begynt å ta DNA-prøvar av fisken vi fangar for å telja lakselus på, og med dette kan vi spora kva elv fisken høyrer til i, slik at vi på den måten kan analysera oss fram til kva elver som er ekstra utsette, sluttar forskaren.