Marion (24) skal spela sin første singel på Lambasleppet

LAMBASLEPP: Marion Skogseth Bjørsvik, eller «Marion Woodseth» som ho kallar seg, held urpremiere for artistprosjektet sitt under Lambasleppet. Keyboardet under armen var sjølve starten på Marion sin nærast livslange musikkentusiasme.

LAMBASLEPP: Marion Skogseth Bjørsvik, eller «Marion Woodseth» som ho kallar seg, held urpremiere for artistprosjektet sitt under Lambasleppet. Keyboardet under armen var sjølve starten på Marion sin nærast livslange musikkentusiasme.

Artikkelen er over 2 år gammel

EP-en er ferdig innspelt, og første singelen kjem snart på marknaden. Urpremieren blir under Lambasleppet i Uskedal båthamn på torsdag. Marion Woodseth kjenner på ein skrekkblanda fryd for veka som kjem.

DEL

Eit batteridrive lite keyboard var ein av Marion Skogseth Bjørsvik (24) sine favorittleiker då ho var lita, og det var med ho nærast uansett kor ho gjekk. Heile familien var musikalsk, og tilgangen på ulike musikkinstrument i heimen på Valen var stor. Kanskje ikkje så merkeleg då at Marion blei elev i kulturskulen. Og seinare, på musikklinja på vidaregåande med fordjuping i klassisk piano. Etter det igjen valde ho musikkproduksjonslinje på folkehøgskule. Og no har ho berre eitt år igjen før ho har ein mastergrad i «Music management» frå Universitetet i Agder.

– Eg har alltid likt å spela musikk, og med ei musikkutdanning og jobberfaringar frå andre delar av musikkbransjen i tillegg håpar eg å auka sjansane mine for å kunna leva av musikken i framtida, smiler Marion, som tradisjonen tru er heime på sommarferie for å ha sommarjobb på Hydro Husnes.

Singelslepp

Marion Woodseth er artistnamnet, og ho lagar 80-talsinspirert elektropop i tett samarbeid med makkaren, produsent Alf Vaksdal (23). Dei to blei kjente med kvarandre på musikklinja på vidaregåande, og har sidan halde saman både som venner og som samarbeidspartnarar. No bur dei begge i Kristiansand.

– Marion Woodseth er eit soloprosjekt, men Alf er ein veldig viktig brikke i prosjektet, både i produksjon og i framføring, forklarer ho.

Det er Marion som skriv og syng låtane, og ho lagar grunnlaget for melodien ved hjelp av eit dataprogram og eit keyboard. Så gir ho utkastet vidare til Alf, som vidareutviklar det til å bli ei ferdig låt. Nyleg var dei to i USA, nærare bestemt Brooklyn, og spelte inn sin første EP. Dette fekk dei støtte til frå SØRF (Sørnorsk kompetansesenter for musikk).

– Planen er å sleppa den første singelen no i haust, og sidan sleppa eit par til, før vi gir ut sjølve EP-en, som totalt inneheld fem songar, forklarer ho.

Ho held korta tett til brystet i høve til namn og innhald på EP-en, og har enno ikkje publisert noko av musikken ho har laga i Marion Woodseth-prosjektet. Lambasleppet i Uskedalen vil bli nettopp eit lambaslepp for dei to musikk-makkarane i dette prosjektet.

– Vi har ikkje kjent oss klare for å opptre enno, men då vi kom over påmeldinga til Lambasleppet, kasta vi oss berre i det. Så det er her vi får urpremieren vår. Eg kvir og gler meg på same tid, ler ho.

Overraskinga var òg stor då ho fekk vita at dei fleste konkurrentane i Lambasleppet er venner og klassekameratar av henne, fleire av dei òg personar ho har spelt saman med i ulike prosjekt.

– Nivået er høgt på Lambasleppet i år, så konkurransen blir nok tøff. Eg trur det har mykje å gjera med at premien er såpass attraktiv. Å driva med musikk er dyrt, så eit høve som dette kan ein ikkje la gå frå seg, meiner ho.

På scena på Lambasleppet tar Marion seg av vokal, medan Alf tar seg av det instrumentale. I tillegg har dei fått med seg ein trommis.

– Komande veke kjem bandet mitt hit til Kvinnherad, så då blir det nokre dagar med øving på Stord før det brakar laus i Uskedalen på torsdag, seier Marion Woodseth.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags