Gå til sidens hovedinnhold

Møt Hjerteslag før Lambasleppet

Artikkelen er over 3 år gammel

I samband med årets Lambaslepp torsdag tredje august kan no publikum få høve til å slå av ein prat med bandet Hjerteslag. Hjerteslag er blant artistane som skal auka pulsen på Festidalen dagen etter.

Lambasleppet inviterer musikkinteresserte til å både høyra på og delta i drøset. Lurer du på korleis vegen deira har vore frå den spede byrjing i 2011 til i dag? Kva dei tenkjer om sosiale medium? Om kva dei puttar på raideren sin? Lurer du på kven Sonja er? Om korleis dei jobbar frå ide til ferdig materiale? Er du blodfan av bandet og treng ein autograf? Om det luskar eit album nummer tre i horisonten? Vil du snika deg til ein prat med blide bransjefolk? Eller kanskje med ein av artistane på Lambasleppet 2017? Då er dette din time, heiter det i ei pressemelding frå Festidalen. Grunna avgrensa plass må ein melda seg på til Festidalen på førehand.

Lambasleppet er eit årleg fesjå for dei mest lovande ungdomsbanda og -artistane i området. På Festidalen sine heimesider står det å lesa følgjande om Lambasleppet:

• Målet er å etablera eit retteleg kulturbeite, ein årleg arena for ungdomsband som fungerer som kraftfor for eksisterande band og som kan motivera andre til å starte opp.

• Knyta band mellom ungdomane og management, sponsorar og andre festivalar.

• Bidra med kompetanse og råd til vidare arbeid.

• Festidalen-stipendet: Økonomisk stønad til band/artistar som er klare til å ta det neste steget.

• Innspeling av låtar i studio. Promotering gjennom Festidalen og samarbeidspartnarane sine kanalar.

Kommentarer til denne saken