Anslag frå NVE viser at landbasert vindkraft har vorte den mest kostnadseffektive kraftteknologien, ifølgje regjeringa.

Kostnadene er dessutan venta å falle endå meir, medan kraftprisane kjem til å halde seg høge. Derfor meiner regjeringa det er rett å innføre den såkalla grunnrenteskatten på vindkraft. Grunnrenteskatt blir forklart som ei form for eigedomsskatt til staten for det som blir kalla knappe, nasjonale naturressursar.

– Vi skal ha ei meir rettferdig fordeling av overskotet frå naturressursane, sa Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under pressekonferansen onsdag morgon der ei rekkje tiltak vart lagt fram.

(©NPK)