– Det blir satsa mykje på nydyrking i kommunen

I 2018 vart det nydyrka 140 dekar i Kvinnherad kommune. Totalt jordbruksareal i drift var 40.418 dekar . Foto: Vidar Ruud, ANB/Illustrasjon

I 2018 vart det nydyrka 140 dekar i Kvinnherad kommune. Totalt jordbruksareal i drift var 40.418 dekar . Foto: Vidar Ruud, ANB/Illustrasjon

Statistisk sentralbyrå sine tal for Kvinnherad viser at i 2018 gjekk mykje dyrkbart areal til andre formål enn landbruket.

DEL

Statistisk sentralbyrå har oversikt over det meste. Også over landbruket i Kvinnherad kommune. Tala viser at i 2018 var det ein stor auke i omdisponeringa av dyrkbar jord til andre formål enn landbruk samanlikna med tidlegare år.

For 2018 er talet 39 dekar, mot 8,2 dekar i 2017.

– Ja, det stemmer, seier Karin Thauland, næringsrådgjevar ved landbrukskontoret i kommunen.

Ho viser til at i 2018 gjekk det med 30 dekar til det kommunale vassverket på Sandvoll. Dei ni siste dekara var omdisponerte i samband med ulike reguleringsplaner.

– Dette gjeld altså dyrkbar jord, ikkje jord som allereie er dyrka. Det vert satsa mykje på nydyrking i kommunen, fortel Thauland.

SSB sine tal fortel at i 2018 var det 1,5 dekar dyrka jord som vart omdisponert til andre formål enn landbruk, mot 8 dekar i 2017.

Thauland viser til at det ligg strenge føringar for jordvern og den seinare tida har politikarane blitt endå meir medvitne på vern av landbruksjord.

I 2018 var Kvinnherad kommune registert med 1045 landbrukseigedomar og 232 landbruksbedrifter. Jordbruksareal i drift var på 40.418 dekar og godkjent nydyrka areal på 140 dekar.

Artikkeltags