Ny retning for landbruk og distrikt – bra for Kvinnherad!

Av
DEL

MEININGAR:Regjeringa har lagt opp til ei ny retning i landbrukspolitikken. Det er godt nytt for oss som bur i ein landbrukskommune i distriktet. Vi har fått ny landbruksminister, Olaug Bollestad, som har blitt godt mottatt av både forbrukarar og produsentar.

Hovudstrategien til den førre regjeringa (H/Frp/V), var større einingar, produktvitet og auka produksjon. Sundvollen-erklæringa sa at hovudformålet med landbrukspolitikken skulle vera kostnadseffektiv matproduksjon, der dei statlege overføringane skulle innrettast mot å føra til auka produksjon. Strategien dei siste åra har ført til færre og større bruk og auka produksjon. Dette har ført til problem knytt til overproduksjon av mellom anna sau og gris og auka sentralisering. Bygder med små bruk er sårbare i forhold til fråflytting og attgroing av kulturlandskap. Dersom gardsdrift vert lagt ned, får det dominoeffektar for andre næringar og tilbod på bygda.

Med KrF i regjering vert det no lagt større vekt på å utnytta ressursane i Noreg til matproduksjon og busetting over heile landet. I regjeringserklæringa heiter det no: «Jordbrukets viktigste samfunnsoppdrag er å produsere de mat- og fôrvarene som det er naturlig å produsere i Norge, og dekke mest mulig av innenlands etterspørsel og lønnsom eksport». Vidare vert det lagt vekt på landbruket sitt samfunnsansvar i forhold til å ta vare på våre felles godar som kulturlandskapet og lokal beredskap.

KrF vil legga vekt på betre verktøy for marknadsbalansering. Med lågare fokus på auke i produksjonen i landbruket, kan ein hindra ressurs-sløsing og dyr overproduksjon. KrF i Kvinnherad støttar eit landbruk som produserer kvalitetsmat som dekker mest mogleg av etterspurnaden her til lands, og som kan eksportera når det er lønsamt. Regjeringa må sjå til at feil som er gjort i produksjon av for eksempel sau og gris, ikkje rammar berebjelkar i landbruket som storfe og mjølkeproduksjon, der marknadsbalansen har vore god. Og dei feila som har ført til overproduksjon i delar av næringa, må snarleg rettast opp i slik at det ikkje vert vanskeleg å driva for dei mellomstore og små gardsbruka.

Kvinnherad KrF ynskjer meir bruk av verkemiddel som fører til eit klimasmart jordbruk og skogbruk. Det må leggast til rette for miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel og satsast på klimatiltak bl.a. gjennom SMIL-ordninga. I ein rapport frå Greensight kjem det fram at 10 % av CO2-utsleppa i kommunen kjem frå jordbruket. KrF støttar etablering av biogassanlegg i Kvinnherad for å redusera utslepp av metan frå gjødsellagring.

Skogen har enno eit unytta potensial til å bidra i klimautfordringa. Når vi legg til rette for eit aktivt skogbruk og utnyttar dei moglegheitene som ligg i produksjon, kan vi videreutvikla skogressursane og forsterka skogen sitt bidrag til CO2-opptak og lagring av karbon.

Regjeringa vil også vidareføra bu- og driveplikta, og følgja opp jordvernstrategien som vart vedtatt av Stortinget. Det er avgjerande for landbruket at styresmaktene støttar opp om gode ordningar som gjer at ein kan leva av matproduksjon både på større og mindre gardsbruk.

Årsmøte i Kvinnherad KrF

ved Hildegunn Eiane Aarthun,

lokallagsleiar

Artikkeltags