Kommentar til sal av to småbruk i Rosendal

Av
DEL

MEININGARVi les i Kvinnheringen av 11. februar, fylgjande:

– Saksbehandling og innstilling frå rådmannen på at ein ikkje måtte dela opp bruket.

– Politikar Hege Lægreid Røssland (SF) sin uttale før møtet i forvaltningskomiteen, og i avisintervju etter møtet, om at ho støttar innstillinga.

– Forvaltningskomiteen v/Øyvind Utne som gjekk i mot og etterkom seljarar sitt ynskje.

Kven som har kunnskap om landbruk eller har gjort jobben sin i denne saka, vil eg påstå at det er ikkje tvil om.

Fyrst må det nemnast at det står respekt av valet til seljarar som var kome til den kjensgjerning at det ikkje var liv laga å gå ute i arbeid og driva gard og slita seg ut for å halda såpass stor bygningsmasse i hevd. Når det ikkje var interesse for vidare drift i nær familie, så er det rett å selja og gje andre mogelegheiter.

Dei hadde tenkt klokt med å selja garden som to småbruk. Det er enorm etterspurnad etter småbruk. Innstillinga er lite landbruksvenleg, heller ei enkel vurdering med lova som argument for at landbruket må bli større og større bruk. Så les vi også om at SV støttar rådmannen på dette. At SV vurderte slik, undrar sikkert mange, men det er ikkje fyrste gong SV tek populistiske val. Forvaltningskomiteen gjorde her eit godt val med å gå inn for seljarar sitt ynskje til to småbruk.

Så: Å driva gard krev interesse både for jord, dyr og areal, ein må vera viljug til å arbeida. Å vera effektiv går ikkje på storleik av bruka. Her kjem dei individuelle interessene inn, kva ein kan få til med mindre bruk. Det går kort og greitt ut på kor kreativ ein er, og at ein ser mogelegheiter. Så spelar det inn korleis ein vil leva i forbruksmønsteret.

To småbruk slik som her, der bygningsmasse ligg klar, er det fleire måtar å driva med og på. Det er stor styrke for bygda Rosendal og landbruket generelt at vi no får to familiar som skal busetja seg her.

Buplikt vil også skaffa driveplikt, her har kommunen ein jobb å gjera for å få meir stabile etableringar i heile kommunen, det gjeld landbruk som private. Bygda her har mange sommarhus, landbruket i bygda har også tapt på tilleggsjord som pakting med formål størst produksjon. Slik vert landbruket einsarta og vi misser miljøet som genererer til fleire arbeidsplassar som det multifunksjonelle landbruket med fleire tilbod.

Småbruk generer til mangfald og lokalproduserte varer. Her vil eg nemna den nystarta REKO-ringen som skaffar matvarer direkte til kjøpar, oppretta av Norsk Bonde og Småbrukarlag. Så har vi andelslandbruk som også er ei driftsform som kan vera interessant for mindre bruk.

Til slutt vil eg seia at politikarar og byråkratar bør bruka litt meir perspektiv-tankar når ein skal avgjera kva som tener bygdene våre. Ein god regel er også å orientera seg ute i felten sjølv om de er folkevalde og tilsett! Bygda Rosendal ynskjer velkomen til nye småbrukarar.

Bergljot Bruåsdal Hesvik,

Rosendal.

Artikkeltags