Landsdekkande selskap veks i Kvinnherad

NØGD: – Ungane seier eg ser ut som eg har vunne i Lotto kvar gong eg er i avisa, for eg smiler alltid så breitt, ler Frank Søllesvik. Ser vi på resultata til Reco si avdeling i Kvinnherad har han då også grunn til å vera blid.

NØGD: – Ungane seier eg ser ut som eg har vunne i Lotto kvar gong eg er i avisa, for eg smiler alltid så breitt, ler Frank Søllesvik. Ser vi på resultata til Reco si avdeling i Kvinnherad har han då også grunn til å vera blid.

Frank Søllesvik har for vane å smila på bilder. Det har han god grunn til.

DEL


Søllesvik er avdelingsleiar for det landsdekkande selskapet Reco bygg og skadeteknikk AS. Selskapet har spesialisert seg på reparasjonsarbeid for forsikringsselskap, og har 20 avdelingar over heile landet. Delen Søllesvik er sjef for dekkar kommunane Kvinnherad og Odda, men arbeidsområdet strekker seg heilt til Hovden i aust og Hardangervidda i nord.


PÅ HEIMEKONTOR: Frank Søllesvik har inntil no leia Reco-avdelinga i Kvinnherad og Odda frå heimekontor, men frå 1. august får selskapet eigne lokale i Palfinger-bygget på Seimsfoss. Her er Søllesvik fotografert på terassen sin i Lundshagen, Dimmelsvik.

PÅ HEIMEKONTOR: Frank Søllesvik har inntil no leia Reco-avdelinga i Kvinnherad og Odda frå heimekontor, men frå 1. august får selskapet eigne lokale i Palfinger-bygget på Seimsfoss. Her er Søllesvik fotografert på terassen sin i Lundshagen, Dimmelsvik.

Eigne lokale og fleire tilsette

Inntil nyleg har Søllesvik leia avdelinga frå heimekontoret i Lundshagen i Dimmelsvik, men frå 1. august i år flyttar bedrifta inn i nye lokale i Palfinger-bygget på Seimsfoss.

– Det skal bli veldig bra med eigne fasilitetar, seier han nøgd.

Som 27-åring starta Frank Søllesvik første gong for seg sjølv då han kjøpte selskapet Kvinnherad Bygg. Dette dreiv han fram til 2012, då han selde og etablerte firmaet Sprosjekt. Dette var eit firma som kun jobba opp mot forsikringsselskap og utførte reparasjonsarbeid for dei. Her hadde Søllesvik med seg tre andre, og i 2014 selde han selskapet til landsdekkande Reco bygg og skadeteknikk AS. Dette førte til at Reco etablerte ei ny avdeling i Kvinnherad og Odda, som i dag tel 14 tilsette.

Søllesvik seier til Kvinnheringen at dei nyleg har tilsett to nye medarbeidarar, og at det kanskje vert tilsett ein til før sommaren.

Han fortel at selskapet Sprosjekt gjekk veldig bra, men at han såg endringar i bransjen som gjorde at samanslåing med eit større selskap pressa seg fram.

– Forsikringsselskapa ville forhalda seg til få og store aktørar. Eg såg at vi kom til å mista kundar om vi ikkje gjekk inn i eit større selskap, seier han vidare.

Han er likevel nøgd med valet om å selja:

– Reco er eit selskap som er eigd av ein norsk privatperson. Det er langt betre enn å vera eigd av til dømes eit investeringsselskap, hevdar han.

Søllesvik er også involvert i drifta av den landsdekkande verksemda:

– Eg deltek i éi av fleire leiargrupper i selskapet. Slik sett får eg vera med å bestemma, noko som er kjekt når du har vore van med å driva for deg sjølv i mange år, smiler han.

Lokale ringverknadar

– Selskapet er også veldig oppteken av at vi skal nytta lokalt næringsliv, held han fram, og legg til at avdelinga hans berre brukar lokale underleverandørar.

– Røyrleggarar og elektrikarar har vi stort sett med oss kvar dag, og det er alltid lokale firma, seier han nøgd.

Reco har alle dei store forsikringsselskapa i landet som kundar, men Søllesvik fortel at dei også får mange førespurnader frå privatkundar.

– Dette heng saman med at vi har utruleg dyktige medarbeidarar, skryter han.

Den store mengda førespurnader frå privatmarknaden gjer at dei vurderer å skilja ut ei eiga avdeling for private oppdrag.

– Det kan bli fleire arbeidsplassar framover altså?

– Det kan det absolutt, nikkar han.

Store svingingar

Søllesvik fortel at kvardagen til han og medarbeidarane er svært variert.

– Det er ingen dagar som er like, og det manglar ikkje på arbeid. Til dømes hadde vi heile seks brannar på 14 dagar no nyleg. I koronatida har folk stort sett vore heime og passa på husa sine, men det har ført til ein stor auke i reparasjonsarbeid på hytter og fritidshus.

Han fortel at Reco driv ei verksemd som er ganske upåverka av koronakrisa.

– Sjølv om samfunnet har vore nedstengd så skjer det jo framleis uhell og skadar, seier han.

– Samstundes er det store svingingar i denne bransjen, held han fram.

Søllesvik, som har vore leverandør av tenester til forsikringsselskap i mange år, gir oss eit døme:

– Under Nina-stormen i 2015 var eg på Halsnøy og gjorde ein jobb. Så forsvann telefondekninga i stormen ei stund. Då dekninga var tilbake hadde eg fått inn 66 oppdrag på telefonen. Det blei hektisk! smiler han.

– Så kan det vera dagar og veker der det er veldig få oppdrag, for det er ingen som veit kva tid det skjer skader, legg han til.

Han fortel at dei tilsette i selskapet også har vaktordning.

– Vi har vakt 24 timar i døgeret, 365 dagar i året.

Både handverk og psykologi

Han peikar på at arbeidet dei utfører er spesielt.

– Vi møter til dømes folk som slit med traumer etter ein brann, og det er derfor langt meir enn berre handverk vi skal utføra. Vi skal vera sensitive, og vi skal kunna mykje om psykologi. Dette gjer at vi legg veldig stor vekt på personlege eigenskapar når vi rekrutterer, seier han alvorleg.

Dei tilsette er i alderen 20-50 år, og avdelinga har for tida ein lærling. Søllesvik fortel at han er oppteken av såkalla flat struktur i leiinga av avdelinga, og at medarbeidarane har ein stor del av æra for dei gode resultata.

– Det er viktig for meg å få fram, seier han.

Fakta:

Reco bygg og skadeteknikk AS, avd. Kvinnherad/Odda 2019 2018
Omsetnad 22.000.000 14.000.000
Årsresultat 1.800.000 1.500.000


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken