Marcus Enes-Seberg (13) frå Ænes vart i helga både kretsmeister i klassisk og vestlandsmeister i skibyte

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Nok ein gong har 13-åringen frå Ænes markert seg i skisporet. Under kretsmeisterskapet for Hordaland i klassisk på Voss på laurdag gjekk Marcus Enes-Seberg (Omvikdalen Idrettslag/Vossalangrenn) inn til førsteplassen i klassen gutar 13 med tida 09:15, 25 sekund raskare enn 2. plassen. Under Vestlandske-skistemna i same bygd på søndag gjekk han nok ein gong inn til gull, denne gongen i duathlon (klassisk og skøyting - skibyte). No på tida 12:26, 23 sekund framføre 2. plassen. Marcus ligg på topp i kretscupen i Hordaland til no. Komande helg skal 13-åringen delta i landsrenn for 13-14-åringar i Holmenkollen, klassisk på laurdag og friteknikk på søndag.

Også veslesøster Celina Enes-Seberg tok gull i jenter 8-årsklassen begge dagane på Voss i helga som gjekk.

Eirik Soma Ersland frå Ternen IL markerte seg òg på Voss på søndag med gull i klassen gutar 11 i skibyte. Tvillingbroren Sondre tok bronsen i same klasse. Dagen før, under KM i klassisk, tok dei høvesvis 2. plass (Sondre) og 4. plass (Eirik). Eirik Steinsvik (OIL) gjekk inn til bronse i klassen gutar 14 under klassisk på laurdagen, medan Anna Elisabeth Samland Eik (Uskedalen I.L.) tok bronse i klassen jenter 13 same dagen. Også fleire andre kvinnheringar deltok under meisterskapen på Voss i helga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags