God politikk er god politikk, uansett parti

Av
DEL

MEININGAR:Vårt ønske i Unge Høgre er at det skal vera tilstrekkeleg med læreplassar i Kvinnherad slik at dei som vil kan få læreplass så nær heimstaden som mogleg. Dette er viktig for å blant anna hindra den pågåande utflyttinga frå kommunen.

Etter innlegget vårt i Kvinnheringen, viste det seg at me hadde feil informasjon om kva som var vedtatt i kommunestyret. Dette beklagar me, det var ikkje vår intensjon å feilinformera. Neste gong skal me dobbeltsjekka for å hindra at meir «fake news» kjem på trykk.

Med det sagt, er det veldig kjekt å høyra at både Høgre og Arbeidarpartiet er på same side som oss. Me kjem fortsatt til å arbeida aktivt for å betra situasjonen til lærlingane i Kvinnherad, og set stor pris på all hjelp me kan få til dette, uavhengig av parti-tilhøyrigheit.


Joar Landa, Kristoffer Tufta, Atle Buhl, Vegard Vårdal, Vanessa Øvrevik, Synne Seim Helleland, Olav Lernes,

Kvinnherad Unge Høgre

Artikkeltags