Det syt ti kor frå heile fylket for.
Norges Korforbund Hordaland har plukka ut Rosendal som neste stopp for arrangementet «Kortreff». Dette blir «korfest i venners gode lag», hevdar forbundet på Facebook-sida si.
På dagtid kan ein høyra korsong av ulike kor på ymse stader i Skålagato, medan det litt seinare på dagen er duka for konsertar både i Rosendal samfunnshus og Kvinnherad kyrkje.
Av lokale kor deltar Rosendal Songlag og Røysterett for Alle. Begge trør til i Skålagato, medan dei deler ettermiddagskonsertane mellom seg. Songlaget syng i samfunnshuset saman med åtte andre kor, og Røysterett kan du høyra i kyrkja saman med sju andre kor. Nokre av kora deltek på begge konsertane.
Gjestekora som kjem til Rosendal er Bergen Mannskor, Dale Mannskor, Kor é Vi, Kor-ness, Sangforeningen Ekko, Strandebarm Songlag, Tertneskoret og Trengereidkoret.
– Eg håpar folk kjem for å høyra på oss, for dette skal bli ein kjekk dag med mykje songglede, lokkar Hedda Thauland, styremedlem i Rosendal Songlag.
Laurdagen vert avslutta med festmiddag for songarane på Rosendal Fjordhotel.