Solveig Andsnes og Øystein Folkedal held konserten «Lys i høstmørket» i Eid kyrkje på Halsnøy laurdag 7. november, står å lesa i ei pressemelding. Konserten inneheld eit variert repertoar, med alt frå viser og musikalsongar til soul.

Solveig Andsnes er ein etablert musikal-artist, og ho har medverka i ei rekkje musikal- og teaterframsyningar, blant anna Les Miserables, Hair, West Side Story, Evita og Mary Poppins. Ho har òg ein kjent musikarbror – Leif Ove Andsnes – pianist og festivalleiar for Rosendal Kammermusikkfestival ved Baroniet Rosendal.

På konserten i Eid kyrkje har Solveig Andsnes med seg eit ungt talent på tangentar, Øystein Folkedal. Han er student ved Musikkhøgskolen i Oslo.