Laurdag kjem kunstnar Kenneth Blom til Galleri G Guddal for å opna utstilling

Her ser du eitt av maleria til Kenneth Blom. Laurdag opnar han utstilling i Galleri G Guddal.

Her ser du eitt av maleria til Kenneth Blom. Laurdag opnar han utstilling i Galleri G Guddal.

Laurdag 27. juni opnar Kenneth Blom utstilling med maleri og grafikk i Galleri G Guddal.

DEL

På grunn av korona blir utstillingsopninga nokre timar lenger, slik at ein unngår vi kø i døra og får litt meir avslappa stemning, melder gallerieigar Gøril Guddal i pressemeldinga.

Det ikkje tale, musikk og slikt som ein pleier å ha på utstillingsopningar i galleriet, men kunstnaren skal sjølve vera til stades i galleriet heile dagen for å prata med folk.

Utstillinga består av store og små maleri, heilt nye. Nokre av trykka blir til heilt i siste liten, og er dermed ikkje viste før.

Kafeen opnar også denne dagen, så det er god plass i tunet til alle som kjem.

Utstillinga står til 9. august, og både galleri og kafé har ope alle dagar utanom måndagar, står det i pressemeldinga.

Meir om Kenneth Blom:

Kunstnaren har atelier og base i Oslo, men går ein inn på heimesida hans ser ein foto og videoklipp frå utruleg mange stader i verda. Galleri G Guddal har selt Blom sine grafiske bilde i mange år, men dette er første utstillinga med både maleri og grafikk her i Kvinnherad.

Finn Skårderud, psykiatar, forfattar og professor i helsefag, har uttalt følgjande om Kenneth Blom:

«Jeg tror faktisk Kenneth Bloms maleriske metode, med konstruksjon og ødeleggelse, er et godt bilde for det grunnleggende menneskelige. Han bedriver snarere en omvendt arkeologi. Det betyr at det vesentlige menneskelige ikke er noe som skal avsløres, men heller noe som skal utvikles gjennom gjentatte bearbeidelser. Det vesentligste er ofte ikke å finne ved å gå i dybden, men snarere ved å tilføre noe nytt.»

Blom er representert i desse galleria:

Jason McCoy gallery New York

Pekin fine arts Bejing/Hong kong

Luisa Catucci Berlin

Lyon Particule gallery Lyon.

Galleri Haaken Oslo

Dropsfabrikken gallery. Trondheim

Galleri Birch. København

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken