– Sprekt og fornuftig utspel

Av
DEL


I førre veke gjekk Peder Sjo Slettebø ut med eit utspel der han meiner tingrettane i Sunnhordland og Hardanger bør lokaliserast på Husnes. Dette i samband med at ein skal sjå på domstolstrukturen i Norge.

Vi kan lika det eller ei, men verda har ein tendens til å bli meir og meir sentralisert. Det skal vera færre med større einingar av det meste. Den vegen går det truleg òg med domstolane. I dag er det tingrett både i Lofthus og på Stord, for Hardanger og Sunnhordland.

Husnes vart for nokre år sidan vedteken som eit regionsenter, eit regionsenter som i dag ikkje har fått spesielle funksjonar. Kvinnherad ligg midt i mellom både Stord og Odda, og vi må innimellom reisa til desse byane, det vera seg for å få førarkort eller fordi ein må på eit sjukehusopphald. Stordingane og oddingane har ikkje slike grunnar for å vitja Kvinnherad.

Men når vi no ein gong ligg midt i mellom desse byane, så meiner vi det må vera ein strålande idé å leggja tingretten til Kvinnherad. Det er ikkje ofte den «menige mann» treng vitja denne retten, og for dei fleste vil ikkje dette bety at ein ofte må setja seg i bilen eller båten til Husnes. Men det kan bety at Kvinnherad endeleg kan få nokre nye arbeidsplassar. Vi kan for 2017 lesa at Kvinnherad er av kommunane i Hordaland med færrast arbeidsplassar for dei med meir enn fire års utdanning. Slike arbeidsplassar treng vi for å halda folketalet stabilt, og gjera kommunen meir interessant å flytta til.

Etter vår meining er dette ein tanke som bør få brei politisk oppslutnad lokalt, og noko kommunestyret aktivt bør jobba for. Sjølvsagt forstår vi at det vil koma reaksjonar frå både Hardanger og Stord, for det er aldri kjekt å mista arbeidsplassar. Men dersom desse uansett står i fare for å forsvinna, må det vera ideelt å kunne støtta Kvinnherad i kampen for å behalda ein tingrett i Sunnhordland og Hardanger.

LEIAR:




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags