– Det verste som kan skje

Jula 2017 har vore prega av alvorlege ulukker i Kvinnherad. Natt til 22. desember køyrde ein bil i fjellveggen i Halsnøytunnelen, og seks unge menn vart skadde. Natt til tredje juledag omkom Jens Emil Tøkje Jacobsen i ei ulukke på Opsangervegen, dagen etter at han var 18 år. I same ulukka vart ein ungdom alvorleg skadd. Foto: Jonn Karl Sætre.

DEL

LEIAR:Alvorlege ulukker i førjulstida og jula har sett sitt preg på Kvinnherad. Rett før jul var seks ungdommar involverte i ei stygg ulukke i Halsnøytunnelen, medan ein ungdom omkom og ein vart hardt skada natt til tredje juledag. I begge tilfella var det unge gutar i sin beste alder som var involverte.

Å mista det kjæraste ein har, eller oppleva det at sine eigne vert hardt skada, er noko av det verste som kan skje.

Når ein set seg inn i ein bil er det alltid ein risiko, ein veit absolutt aldri kva som kan skje. Statstikken syner at tala på ulukker med personskadar i Kvinnherad gjekk kraftig nedover frå 2011 og fram til inneverande år. Det siste året ser vi dessverre at talet ulukker har auka relativt kraftig. Slik vil vi ikkje ha det. Her har vi foreldre eit stort ansvar med å snakka med ungdommane og få dei til å forstå kor farleg ein bil faktisk kan vera.

Ordførar Peder Sjo Slettebø sa det så fint på Facebook nyleg, og vi tek opp att orda hans:

«Det finst ingen meining i det som har skjedd. Og det finst ikkje ord for å beskriva smerta som følgjer av tapet av eit ungt liv.

No skal vi sørgja saman. Det er viktig å gi tid og rom til sorga, og i denne stunda må vi legga alt anna til side og berre vera til stades for kvarandre.»

Ta vare på kvarandre i nyttårshelga, snakk og pass på kvarandre. Vi har ikkje fleire å mista.

Les også:

Vekst i talet ulukker 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags