Kom seg ned sjølv

Sea King-helikopter. (Illustrasjonsfoto frå arkivet).

Sea King-helikopter. (Illustrasjonsfoto frå arkivet).

Artikkelen er over 4 år gammel

Det blei sett i gang redningsaksjon då to unge personar ikkje kom seg ned frå Malmangernuten torsdag kveld.

DEL

To unge personar som var på tur på Malmangernuten ringte torsdag kveld naudnummeret. Hunden deira hadde stukke av, og då dei følgde etter hadde dei gått ned i lia mot Guddal og sett seg fast. Samtalen blei broten fordi mobilen gjekk tom for straum, og sidan klokka då var 20.30 blei naudmeldinga meldt inn til hovudredningssentralen. Politiet rykte ut og sette i gang redningsaksjon for å hjelpa personane ned frå fjellet. Privatpersonar blei sendt ut, i tillegg til mannskap frå Røde Kors. Eit Sea King-helikopter blei også rekvirert, som gjorde søk i området. Men klokka 22.45 ringte dei to og sa dei hadde komt seg ned på eiga hand. Dagen etter fekk dei reprimande frå politiet:

– Meldinga om at dei to var i god behald kom litt seinare enn vi sette pris på. Viss ein melder frå om at ein er i naud, og klarar å koma seg ut av situasjonen på eiga hand, må første prioritet vera å gi beskjed om at ein er trygg så tidleg som mogleg. Det blei brukt store ressursar på denne redningsaksjonen, seier politibetjent Torgeir Fosse.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags