Leiteaksjon etter båttur

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Måndag kveld blei det sett i gang leiteaksjon etter to gutar i 8–10 årsalderen som var på båttur.

DEL

Foreldra til gutane hadde leita etter dei, og fann syklane deira i båthamna på Husnes. Båten var også vekke, og ein rekna med at gutane hadde dratt på fisketur på eige initiativ. Då gutane ikkje var komne heim igjen i 22.30-tida meldte foreldra dei sakna, og ein leiteaksjon blei sett i verk i regi av politiet og Hovudredningssentralen. Sea King-helikopter, Kystvakta og ambulansebåt blei tilkalla, men like etter klokka 23 kom gutane til rette. Dei hadde gått tom for bensin, og folk i ein annan båt hadde hjelpt dei til land og kontakta foreldra.

Artikkeltags