Fann kvinna i god behald

AVSLUTTA: Mannskap frå Røde Kors og frivillige etter at søket var avslutta.

AVSLUTTA: Mannskap frå Røde Kors og frivillige etter at søket var avslutta.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Den sakna kvinna i som det har vore leita etter sidan i går kveld vart funnen i relativt god form i Onarheimslia rett før klokka tolv.

Fungerande lensmann Stig Dagfinn Tveiten fortel at det var leitemannskap som fann kvinna i det området ein har leita i. Kvinna var kald og sliten, men i relativt god form, fortel Tveiten. Ho blei sendt til helsesenteret for legesjekk.

Lensmannen ønskjer å takka alle som har stilt opp og leita:

– Etter at vi gjekk ut i lokalmedia og etterlyste fleire folk, gjekk det ikkje mange minuttane før vi fekk god hjelp. Både vi og Hovudredningssentralen vil takka absolutt alle som har vore involvert i leitinga, seier Tveiten.

Over 50 personar deltok i søket

Til saman deltok over 50 personar i søket etter den sakna kvinna, opplyser Torgeir Fosse frå Kvinnherad lensmannskontor. 27 personar frå Røde kors, åtte frå sivilforsvaret og 17 frivillige var med i søket. Blant dei frivillige var Kvinnherad dykkerklubb med båt, i tillegg til to andre båtar. Fleire ekvipasjar frå Norske Redningshunder deltok i søket, i tillegg til fire politihundar. Meir mannskap frå sivilforsvaret var også på veg, men kvinna vart funnen før dei kom fram.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags