Leiteaksjon etter sakna 28-åring

Rundt klokka 14.30 torsdag fekk Kvinnherad lensmannskontor melding frå familien til den unge mannen, om at han var sakna frå bustaden sin på Varaldsøy.

DEL

Mann (28) sakna på Varaldsøy

Siste sikre observasjon av mannen var tidleg onsdag morgon. Etter dette har ingen hatt kontakt med vedkommande, eller sett han.

Ulike etatar og grupper kom fredag føremiddag med ferja til Varaldsøy for å fortsetta søket etter mannen. Leiteaksjonen starta torsdag kveld og gjekk føre seg utover natta. Sivilforsvaret, Røde Kors, hundepatruljar frå Norsk redningsteneste og redningshelikopter har delteke. Det er også blitt søkt med båt langs strandlinja.

Helikopter med varmesøkande kamera var i bruk torsdag og natt til fredag, men blei hindra av dårlege vêrforhold fredag føremiddag og ettermiddag, ifølgje lensmann Sigurd Børve.

Politiet har ingen spor etter 28-åringen. I tillegg så gjer vêrforholda og terrenget leiteaksjonen utfordrande.

Like etter klokka 18.30 opplyser innsatsleiar Tor Kristian Olsen om at søket er avslutta for dagen grunna mørket:

– Når folk er ferdige med tildelte søkefelt, gir vi oss for dagen. Det er søkt med båt og på land, rundt 30 personar har vore i sving i tillegg til lokale. Dei lokale her har gjort ein kjempeinnsats. Leiteaksjonen startar opp igjen i morgon tidleg, seier Olsen, innsatsleiar frå Kvinnherad lensmannskontor, til Kvinnheringen.

Innsatsleiar Tor Kristian Olsen. Foto: Hilde Elise Førde-Tislevoll.

Innsatsleiar Tor Kristian Olsen. Foto: Hilde Elise Førde-Tislevoll.

Tidlegare på dagen gjekk politiet ut og bad alle på øya om å gjennomsøka hus, kjellarar og uthus, utan resultat.

– Det er små forhold på øya, og vi har vore i kontakt med mange allereie. Men om fleire har sjans og ønskjer å bidra i leiteaksjonen, kan dei kontakta oss på lensmannskontoret, så skal vi guida dei vidare, sa Torgeir Fosse ved lensmannskontoret til Kvinnheringen fredag morgon.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags