Kvinna, som er vand med å gå turar i fjellet, gjekk tur åleine i Tveitedalen søndag. Då ho ikkje kom tilbake til avtalt tid, melde familien ho sakna i 20-tida på kvelden.
Det blei sett i gang ein storstilt leiteaksjon, der mange aktørar bistod politiet i søket etter kvinna både på kvelden, natta og i morgontimane måndag: Norske Redningshundar, politihundepatruljar, mannskap i Røde Kors-eininga frå Hordaland og Rogaland, Sea King-helikopter, dronepilotar frå Karmøy (Røde Kors), Norsk Folkehjelp Haugaland og mange frivillige frå Kvinnherad og omliggjande kommunar.
Kvinna funnen
I 12-tida måndag kom gladmeldinga om at kvinna var funnen i terrenget av leitemannskap i søk, ikkje så langt unna der siste observasjon av ho var gjort. Ho var bevisst, men nedkjølt. Familien blei varsla, og kvinna blei teken hand om av helsepersonell og seinare send vidare til sjukehus.
– Det er veldig kjekt når ein leiteaksjon endar så godt som dette. Vi har hatt godt med ressursar, og mange lag og organisasjonar har vore i sving under leiteaksjonen. 30–40 sivile utanom hjelpekorpsa dukka også opp for å vera med, så vi er veldig glade for at folk stiller opp, seier innsatsleiar Tor Kristian Olsen frå Kvinnherad lensmannskontor.
Røde Kors har hjelpt til med å organisera søket og laga søksteigar.
– Det er ein flott gjeng som står på, uansett vêr og vind, og gjerne i terreng som kan vera utfordrande og krevjande. Ein gjeng vi er heilt avhengige av, rosar innsatsleiaren etter den vellukka leiteaksjonen.