Lernes til Kvinnherad Energi

Øyvind Lernes er på veg til Kvinnherad Energi AS.

Øyvind Lernes er på veg til Kvinnherad Energi AS. Foto:

Øyvind Lernes er konstituert som dagleg leiar i Kvinnherad Energi

DEL

Styreleiaren i Kvinnherad Energi AS, Gunnar Våge, har i dag sendt ut denne pressemeldinga:

Konstituert ny dagleg leiar i Kvinnherad Energi

I samband med at dagleg leiar i Kvinnherad Energi, Hermann Skromme, er gått over i ny stilling som regionsleiar for BKK Nett Sør-Aust, har styret i Kvinnherad Energi konstituert Øyvind Lernes som ny dagleg leiar fram til 31.12.2020.

Etter fusjoneringa med BKK Nett er det ingen tilsette att i Kvinnherad Energi, men ein god del oppgåver som må takast hand om. Her kan ein nemna Valen Kraftverk og Kraftverket i Hattebergdalen. Kvinnherad Energi har òg ein eigardel på 49 % i Onarheimselva kraftstasjon, om den vert bygd ut.

Styret vil takka Hermann Skromme for ein fantastisk jobb som dagleg leiar i det året han har vore tilsett , og ynskja han lukke til med nye utfordringar i BKK Nett i åra som kjem.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags