Vetrhus er læraren til elevane, og er sjølv forfattar og lyrikar. Kanskje har ho gitt elevane sine nokre tips då dei skulle skriva dikt?
Det luktar møk, eg trur det er påske.
Eg hugsar då vi var mindre og budde i minihuset.
– Kom deg ut! ropte pappa.
Vi sprang inn på kjøkkenet.
Pappa sa at haren hadde kome inn vindauga og han måtte jaga han ut.
Og der stod pappa med to store påskeegg.
(Skrive av Madel, 6. klasse)
Et triks.
Prøv å holde hodet
sånn at nebbet
kan hvile i hånda di.
Da sovner den
med en gang.
Det er hyggelig.
(Skrive av Iver, 6. klasse)
Vi har ein ekta påskehare på hytta.
Han er grå og kvit.
Forrige påskejakt blei vi skuffa då vi såg pappa sine fotspor i snøen.
Pappa seier kvar gong at påskeeggjakta skal vere kjempevanskeleg,
det er eigentleg kjempeenkelt.
Men påskeharen finns, eg har sett han.
(Skrive av Live, 5. klasse)
I påsken skjer det mange mirakel.
Påskeharen kikkar fram med påskeegg til store og små.
Noko av det beste med påske er å sitta med eit lam på fanget.
Lammet heiter Liva Olivia og drikk tåteflaske på skrå.
(Skrive av Runa, 7. klasse)