Dillfest som gav meirsmak

Av
DEL

MeiningarDet var ein fin 10-årsjubileumsfest på Dill 5. juli for oss som var med der. Me kan vere stolte av at Dill er i drift i dag, takka vere personalet og lokalbefolkninga som står på for at dei eldre får god, heimelaga mat kvar dag. Og dei opplever det sosiale samveret, ikkje minst det er viktig.

Peder Sjo Slettebø heldt ein god tale, så ingen hadde grunn til å gå heim «såra og vonbrotne» av den grunn.

Gerhard Eide har gått langt over streken med sin kritikk i pressa. Me må stå saman og sjå framover, heller enn å kritisere. «Ein blir ikkje kvit av å svartmale andre».

Me ynskjer Dill lukke til i mange år framover.

Frå Miljøgruppa på Husnes,

Ruth Henriksen, Aud Sigrun Fausk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags