«Innkortinga Sunde–Jektevik»

Av
DEL

MEININGARViser til Ordføraren si avvising av interpellasjon i kommunestyret om røysting over Sunde–Jektevik. Å reisa frå Ranavik til Skjersholmane, vidare til Sandvikvåg og til Bergen tar ca. ½ time meir enn til Bergen via Sunde–Jektevik. Kva er grunnen til det tru? Eg vil kalla det innkortinga av sambandet Kvinnherad–Stord. Når ein ikkje får til ei innkorting av sjølve fjordkryssinga, må det vel vera betre likevel med ei samla sett innkorting av reisetida. Utgifter til framtidig utbygging av veg og ferjeleie vil det måtta bli anten det er over Sunde–Jektevik, eller over Halsnøy med Toftebrekka der ein må forebyggja og stabilisera kvikkleire i tillegg til å forsera ca. 60 SEFRAK-registrerte kulturminne over Eide til Halsnøy kloster. (SEFRAK: Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Noreg, red. anm.) Då trur eg faktiske kostnader vert rimelegare med oppgradering på Sunde og nytt ferjestø på Jektevik, slik som vegvesenet har teikna det i forbindelse med alternativ fire i utgreiing om nytt ferjestø på stordsida. Med dette innfrir ein innkorting mot Stord, til motsetnad av omvegen via Ranavik–Skjersholmane. Om politikarane samlar seg og verkeleg vil arbeida for betre samband Kvinnherad–Stord, er det berre å bestemma seg, lytta til eksempelvis Husnes vekst og folk flest og gå for Sunde–Jektevik..

Ord frå Bingsvær: «Vet man ikke hvor man vil, kommer man helt sikkert dit».

Godt val!

Einar Saghaug, Sunde

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags