Fjelbergkraft, utnytting av vasskraft og havkraft ropar på vilje og leiarskap!

Av
DEL

MeiningarEitt lokalt grep og to nasjonale kan gi oss meir rein straum: Lokalt kan Fjelberg kraftlag sine verdiar fanga sol på alle tak. På nasjonalt plan: Eksisterande kraftverk må utnyttast maksimalt og arbeidet med havturbinar må intensiverast.

Alle desse tre tiltaka er realiserbare. Og dei kan finansierast. Men det krevst leiarskap og mot. I ei tid der rein straum og vern av natur og miljø endeleg er svært høgt på dagsorden, bør og kan me ta desse grepa, etter mitt syn.

Fjelbergkraft

Ja , eg skriv med vilje Fjerbergkraft i eitt ord. Me snakkar fint om dei som gjekk føre oss og hadde mot og mannskap til å danna kraftlag, produsera og distribuera straum. No har me nytt lovverk som ikkje gir rom for så små kraftlag som Fjelberg. Men arbeidet til laget blir vidareført, og me sit med ein dryg handfull millionar. Kva med å bruka desse til å installera solcellepanel på hustaka til alle medeigarane som vil ha slike? Det ville gi rein straum, lågare straumrekning for huseigaren og gode prisar ved investering ved felles innkjøp. Ein kan vel knapt tenkja seg ei investering som vil vera meir i tråd med intensjonen bak satsinga på kraft som ein gong blei gjort?

Mange spørsmål må finna sine svar før ein ser taka våre kledde med solceller. Og kan henda vil det dukka opp svar som stoppar heile ideen. Kva med det praktiske – vedlikehald og fornying? Det økonomisk langsiktige? Det juridiske? Det administrative – eige selskap med vidare ansvar eller berre i oppstarten?

Eg har ikkje svara, men eg veit at det som trengst i første runde er kompetanse, leiarskap og eit godt økonomisk fundament. Eg trur me har alt dette. La oss prøva det ut! Så kunne me ha fyrtårnet Fjelberg solkraft, som selskap eller som summen av solcellebrukarar i området, som kunne visa veg for andre. Arbeid ville det også gi, både i etableringa og med vedlikehaldet.

Som mangeårig politikar som stiller til val att, vil eg gjerne lova å satsa på dette. Men eg veit at Fjelberg kraftlag ikkje er styrt av politikarane i Kvinnherad kommune. Det hindrar meg likevel ikkje. Sidan me bur på Valen og er medeigarar, sender eg med stort frimot framlegget over til styret i Fjelberg kraftlag med desse linjene.

Meir vasskraft

Det blir hevda at me ikkje treng fleire kraftkjelder då me kan utnytta dei eksisterande vasskrafta betre. Ja, noko av den krafta me i framtida vil trenga er å finna i dei elvane som allereie går i røyr. Men det krev målretta endring i skattesystemet me har for kraftproduksjon. Regjeringa har sett ned eit skatteutval som skal leggja fram sine konklusjonar i oktober. I utgreiinga, (NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi), som var sendt ut i forkant av utvalet sitt arbeid, er det tydeleg at dei skatteordningane me har i dag ikkje oppmuntrar til rehabilitering og vidareutvikling av eksisterande kraftverk. Dette må endrast! Til det trengst det berre vilje og leiarskap. Det må dei sentrale politikarane våre få høyra frå oss som bur i distriktet og ikkje vil byggja ned meir av naturen vår. Me brukte økonomiske incentiv/gulrøter for å få elbilar på vegane. Me kan bruka skattesystemet for å få maksimalt ut av vasskrafta. Det kan innebera at nokre røyrgater vil ta større plass og nokre vassdrag kan få redusert vassføringa. I verste fall. Men det er uansett snakk om område der det allereie er gjort inngrep i naturen. Mykje anna natur kan sparast.

Vindturbinar

Dei siste månadene har eg leita etter gode argument mot havturbinar. Eg har ikkje funne dei, og har derfor ikkje blitt overtydd om at det finst uoverstigelege hindringar. Tvert i mot. Nyleg skreiv Harald Solberg og Stein Lier-Hansen klokt og informativt om dette i Dagens Næringsliv (adm.dir. i Norges Rederiforbund og Norsk Industri, DN 7.7.2019). I tillegg til dei fordelane eg før har kjent til med flyttbare, flytande installasjonar, peikar dei på store fordeler for framtida sin industri om straumen er fanga på havet, mellom anna til produksjon av hydrogen frå vatn og lettare elektrifisering av offshoresektoren. Deira bodskap er: Me treng leiarskap.

Ja, me har leiartøya frå olje og gass-epoken. La oss visa at me framleis skal ha denne på. Me er allereie i gang. Vindmølla utanfor Karmøy, Hywind, har vore i gang i 10 år og fleire er på veg. Men som Solberg og Lier-Hansen heilt rett peikar på, så trengst det leiarskap. Og det er stikkordet for både Fjelbergkraft, utnytting av vasskraft og havturbinar. Etterpåklokskapen har lett for å leggja skulda på at me ikkje hadde råd til å satsa i rett tid. No er rett tid. Me har pengane. Eg trur me kan ta leiarskap om me har vilje. Det gjeld både lokalt og nasjonalt.

Marit Elisebet Høines Totland, Valen.

Kristeleg Folkeparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags