«Verdien av eit griseliv»

Av
DEL

MEININGAREin norsk dokumentarfilm har avslørt sider ved norsk svineproduksjon. Ein kan gjera seg mange tankar om dette, og ein kan spørja: Kva ville besteforeldra våre sagt om dei såg korleis grisane i norske fjøs lever i dag?

Noko har skjedd med norsk landbruk. Norske husstandar bruker ein mindre del av inntekta på mat no enn dei gjorde før, og samstundes har andelen av statsbudsjettet som går til å støtta norsk landbruk falt frå 5–6% til 1%. For å kunna konkurrera på ein marknad som spør etter meir og meir kjøt til ein lågare og lågare pris, har norsk landbruk effektivisert der dei kan. Det betalar dyra prisen for.

I Brennpunkt-dokumentaren på NRK, blir sjåarane tekne med inn i norske grisefjøs. Norunn Haugen gjekk undercover i fleire år for å undersøkja korleis situasjonen i norske grisefjøs eigentleg er. Verkelegheita var verre enn kva både ho og sjåarane hadde forventa.

Vi såg sjuke dyr som låg i mange dagar utan å bli behandla eller avliva, hanngrisar som vart kastrerte utan tilstrekkeleg smertelindring, grisungar som vart avliva i strid med lovverk, og vaksne grisar som stod i tronge båsar og angreip kvarandre i frustrasjon.

Berre éin av 100 griser får leika seg i søla, slik dyra er skapt til og likar. Medan pris og effektivitet blir vekta høgare enn velferda til dyra, blir resultatet eit system der korkje dyr eller bønder trivst.

Det må løna seg for norske bønder å ha færre dyr og betre dyrevelferd. Vi må attende til røtene våre. Vi må tilbake til ei produksjonsform som fungerer både for bonden og for dyra.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags