Gå til sidens hovedinnhold

– Å driva med rituale tilhøyrande heidenske religionar, skal ein vera varsam med

Artikkelen er over 3 år gammel

MEININGAR: Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det har vor ein del skriving om yoga i nokre aviser i det siste, og i samband med dette er det kome inn på vonde ånder. Då må ein sjå på det som står i Bibelen, i evangelia, der står det at Jesus dreiv ut vonde ånder frå menneske. Trur ein at Bibelen er Guds Ord, så trur ein og at vonde ånder og besetting er ein realitet, og ifølgje Bibelen er det leida og verka av djevelen.

Les også

– Kristne bør ikkje skremmast vekk, men heller oppmuntrast til å ta i bruk denne teknikken

Djevelen og djevelkreftene høyrer til den usynlege og overnaturlege verda. Djevelen står imot Gud og hans overnaturlege påverknad av menneska. Gud verkar på menneske ved Bibelen, Guds Ord, og Den Heilage Ande, og det heilage samfunn, der det er gjenfødde menneske.

Eg er einig med Magnar Hellesøy og andre som har skrive, at det å driva med rituale tilhøyrande heidenske religionar, skal ein vera varsam med.

Det er lett å bli fanga og lurt av djevelsk påverknad. Derfor må ein oppmoda om å søkja Gud, å få si sak med han i orden. Då må ein tru på Jesus, og det han har gjort til frelse for oss. For så høgt elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar av den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Johannes 3.16.

Les også

– Vår høgt akta og kjære kristne kulturarv er i reell fare

Det er berre eit namn under himmelen, som menneske kan bli frelst ved, Jesus.

Medmenneske, tru på Jesus, overlat deg til han, så skal du få evig liv i himmelen.

Les også:

Pastor Hellesøy: – Yoga kan gjera folk besett. Prest Kringlebotten: – Du blir ikkje buddhist av å strekka på kroppen.

Kommentarer til denne saken