«De kan være sikker på at jeg vil huske han som faren til Husnes-verket, og holde ham i godt minne»

Første Søral-direktøren Eugene Keppler (t.v.) og Jens Røsland. (Foto: Kristian Hus).

Første Søral-direktøren Eugene Keppler (t.v.) og Jens Røsland. (Foto: Kristian Hus).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Øyvind Røyrvik ber ordføraren om å syta for at Jens Røsland får namnet sitt på den nye vegen på Husnes.

DEL

MEININGAR:Då eg las i avisa om ordførar Slettebø sine planar om nytt namn på veg/vegar på Husnes, rann det meg i hug nokre verseliner av Aasmund Olavsson Vinje:

Lat oss ikkje forfedrarne gløyma

under alt, som me venda og snu,

for dei gav oss ein arv til å gøyma,

han er større, enn mange vil tru.

Den første eg tenkte på då eg las om dette forslaget var sjølvsagt Jens Røsland. Det er denne mannen som me her på lokalt plan kan takka for det som har vorte vendt og snutt på her på Husnes dei siste 60 åra, og som har gjort grenda Undarheim til eit veksande og blømande bygdesamfunn. For ikkje å snakka om regionsenter.

For å stadfesta fakta tek eg gjerne med nokre sitat frå bok og blad som eg finn dette i. Først frå ein mykje interessant artikkel som Mads Grimstad hadde i Sunnhordland Årbok 2005:

«Mye hjalp det at etter få dager dukket det opp en mann som ville snakke med meg. Det var formann i den lokale tiltaksnemnda i Kvinnherad, Jens Røsland, som hadde hørt om personskifte på områdeplankontoret. Han hadde god forståelse av verdien av nære kontakter og ville derfor nå gjøre mitt bekjentskap. På en lun måte fikk jeg en grundig innføring av forholdene i Kvinnherad, og han inviterte meg hjem. Jeg lovet å komme å besøke ham.»

Mads Grimstad fortel vidare:

«Så en dag på forsommeren  (1962) tok jeg MS «Sunnhordland» til Stord, hvor jeg gikk på fergen til Sunde. Jens Røsland tok mot meg og rodde oss over sundet i en eke, til garden sin på Bjelland. Kona hadde stelt til stort aftenbord. Særlig husker jeg oppdekningen av dravle.

Det var lyse, fine vårkvelden, og etter måltidet drog Jens og jeg utpå fjorden for å fiske med harpe.»

Fangsten vart stor og dei avlsutta dagen med kokt pale, er eg blitt fortald. Så heiter det vidare i denne interessante artikkelen:

«Neste morgen var formannskapssekretær Konrad Tvedt på tunet med folkevogn. Han tok Jens og meg med rundt på visning av de tomtemuligheter som var i kommunen for storindustri. Planene om å lokalisere et aluminiumsverk til Vestlandet var den gang ikke fremme. Vi var i Husnes, Herøysund, Uskedal og Ølve.»

Seinare i artikkelen skriv Mads Grimstad:

«Trygve Lie sine forhandlinger med utenlandske investorer om bygging av nytt aluminiumsverk førte til at områdeplankontoret fikk i oppdrag å finne fram til tomtemuligheter i Hordaland.»

29. juni 1962 vart det vedteke å byggja aluminiumsverk på Husnes.

Johs. G. Tofte, Halsnøy

For ein del år sidan hadde eg ein mykje interessant samtale med  Johs. G. Tofte. Ein markant skikkelse i Kvinnherad på -50 og 60-talet.  Han kunne mellom anna fortelja at på eit fiskerimøte i Bergen, der også Trygve Lie var til stades, hadde Lie i ein samtale med han sagt at Kvinnherad kunne takka Jens Røsland for Søral.

Johs. G. Tofte hadde ein artikkel i Kvinnheringen i 1978. Eg siterer noko frå denne artikkelen:

«Når det gjeld dette siste, vil eg enno ein gong få minna om at eg eit par gonger tidlegare har oppmoda våre politiske spissar om å få reist eit minnesmerke over avlidne Jens Røsland som var den som gav oss Søral på Husnes, som eg har Trygve Lie sine eigne ord for. For denne jobben har han til dessar ikkje fått anna enn utakk.»

Direktør Keppler

Då Jens Røsland var død, fekk kona hans, Marie, brev frå første Søral-direktøren, Eugene Keppler. Han skreiv m.a.:

«Det er med stor bedrøvelse at jeg har lest i avisene om den plutselige døden av deres kjære mann. De kan være sikker på at jeg vil huske han som faren til Husnes-verket, og holde ham i godt minne.»

Med dette vil eg vera så fri og be ordførar Slettebø vera så gild at han vil syta for at heidersmannen Jens Røsland får sitt namn på den nye vegen på Husnes, som ei takk for alt han gjorde for bygda og kommunen vår,

for dei gav oss ein arv til å gøyma,

han er større, enn mange vil tru.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags