Den raude hanen gjel

Av

Sjølv meiner eg eit samfunn er på ville vegar dersom trenden «tvingar» transseksuelle inn i tankemønster omkring operasjon, skriv Knut J. Nerhus.

DEL

MEININGAR:Fenomenet Gaute Lund er, 02.03, ute med nokre kraftsalvar for å slå politisk mynt på avisinnlegga mine om kjønn og identitet. Det ser ut som mykje i verda hans handlar om å velja side. Er du ikkje med, så er du imot. Slik svart/kvitt-tenking kjenner me best frå USA, klassisk uttrykt i 2001 av president Bush.

At Gaute tillegg meg haldningar eg ikkje har, kjennest urettvist. Likevel kan det forståast på bakgrunn av eit mykje høgt utvikla bondekompleks. Det får so vera. Det kan skriva seg frå traumatiske barndomsopplevingar i Omvikdalen.

Kanskje eg tidlegare har uttrykt meg uklårt. Meiningane mine var tenkte som støtte for dei som måtte vera litt annleis. Med rett aksept treng ingen kjenna seg fødde i feil kropp. Det er heile poenget mitt.

Haldningar og politikk heng som kjent saman. Det er eit nært samband mellom statsmakt og medisinsk ideologi. Derfor er haldningane til kjønnsinngrep også ulike innan fagmiljøa.

Sjølv meiner eg eit samfunn er på ville vegar dersom trenden «tvingar» transseksuelle inn i tankemønster omkring operasjon. Det naturgjevne unormale bør aksepterast i langt større grad enn i dag.

For å tydeleggjera, kan me sjå på ei gruppe småborn som i dag faktisk ikkje blir aksepterte men tvangsopererte. Det gjeld om lag 10–12 stk/år i Noreg. Desse borna er fødde med somatiske trekk frå begge kjønn. Dei blir utsette for lemlesting, dvs. irreversible overgrep!

Ein meir akseptert variasjon innan to kjønn burde vera nok til å løysa event. problem. Andre svermar meir for den mangekjønna engelskspråklege gender-varianten, eller for operasjon.

Lund provoserer. Eg trur han freistar dra meg inn i noko eg ikkje har invitert til. Det er ein kjend militær strategi. Har Gaute-guten derimot eit ærleg ynskje om å forstå, då lyt han strekkja seg.

I staden manar mannen til kamp mot troll og dinosaurar. I tilnærma stalinistisk ånd ser han fram til at eg skal døy. Då kan eg opplysa om at eg er ved god helse. Takk for meg!

Les også: Det transfobe trollet som sprakk i sola

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags