Ei takk til helsevesenet

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MEININGAR: 

Eg har no i godt over eitt år fått støtte og hjelp frå folk i det offentlege helsevesenet, ikkje minst i Kvinnherad kommune.

Etter at eg vart utsett for ei ulukke med hjartestans i fjellet i november 2016, har eg teke imot mykje hjelp frå ulike hald. Den første hjelpa berga livet mitt. Der var både private personar og folk frå det offentlege helsestellet med. Først var eg innlagd på Haukeland universitetssjukehus, så vekselvis på Stord sjukehus og Husnes sjukeheim. Alle plassane var personalet flinke og positive. Som pasient fekk eg alt eg hadde bruk for av behandling og oppfølging. Dessutan fekk mann og born heile tida den informasjonen og oppfølginga dei trong.

Så til hjelpa i Kvinnherad kommune: Då eg kom heim frå sjukehus og sjukeheim, kom ergoterapeuten og støtta meg i kvardagen. Ho hjelpte meg dei første månadane med å gripa fatt i det daglege livet, som hadde vorte så vanskeleg. Samtidig begynte eg å gå til Ingvild, logopeden. Ho har følgt meg i over eit år no. Ho har fått det til å gå så mykje framover med både kvardagstankar og kvardagsgjeremål. Eg må òg nemna at den kommunale helsetenesta hjelpte meg med medisinar i vel eitt år. Eg er imponert og svært nøgd med denne forma for helsetilbod. Dette kjende eg ikkje mykje til tidlegare, må eg vedgå.

Eg sender ei stor takk til helsevesenet i kommunen fordi dei bidreg med personale som har gjeve meg ei så god oppfølging. Hald fram med det!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags