Gode kommunale tiltak for eldre

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR:I veka som gjekk kunne vi lesa om to viktige og nødvendige tiltak, som Kvinnherad kommune planlegg for folk i godt vaksen alder. Eller sagt meir konkret; tiltak for eldre menneske, som etter kvart vil ha behov for offentleg hjelp til å greia seg i kvardagen. Det eine tiltaket har fått namnet kvardagsrehabilitering. Det er ein metode som går ut på at eldre menneske skal motiverast til å klara seg lenger i livet på eiga hand. Det andre tiltaket er bygging av eit seniortun på Husnes.

Begge tiltaka er visseleg godt gjennomtenkte initiativ, der målet er å redusera presset på sjukeheimane våre. Det trengst, ser det ut til, for allereie kort tid etter opninga av det nye Rosendalstunet, høyrer vi om pårørande som «slåst» med kommunen om plass for sine næraste. Nye presseoppslag kan koma kva tid som helst. Samtidig har politikarane lagt ned den velrenommerte aldersheimen på Varaldsøy, der det per i dag ikkje bur eit einaste menneske. Trøysta får vera at det er nytt kommuneval til neste år, og då kjem Varaldsøy på agendaen igjen. Vér du sikker!

Men tilbake til dei to positive kommunale utspela vi kunne lesa om sist veke; kvardagsrehabilitering og seniortun på Husnes. Begge prosjekta sender ut gode signal til mange eldre i kommunen, og til folk som nærmar seg alderdomen. Det er ein bra strategi. Allereie i 2013 var Eldrerådet i Kvinnherad involverte i eit prosjekt som blei kalla «Om å bu lengst mogleg i eigen heim». Vi kom med forslag til ulike tiltak, som etter vår meining kunne bidra til denne målsetjinga. Men prosjektet vart av ein eller annan grunn lagt vekk den gongen. No er kommunen på banen igjen, og denne gongen ser det ut til å vera ein meir handfast og strukturert plan, med eit godt innhald.

Motivasjon

Utgangspunktet er at fleire eldre skal motiverast og trenast til å klara seg sjølve på ein betre måte. Kvardagsrehabilitering er alt innført i mange kommunar landet rundt, og i Kvinnherad har ei prosjektgruppe med helsepersonell jobba ei tid med vurdering av korleis dette best kan gjerast.

– Meininga er at dei eldre skal bli tryggare og meir motiverte, slik at ein kan utsetja flytting til institusjon eller anna omfattande teneste, seier einingsleiaren for ergo- og fysioterapitenesta til Kvinnheringen. Vi får samtidig vita at det skal opprettast eit eige team med fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og såkalla heimetrenarar.

Det er berre å ønskja prosjektgruppa lukke til i dette viktige arbeidet.

Seniortun

Ulike buformer for eldre, som alternativ til eigne hus eller ein offentleg institusjon, har vore snakka om i mange år utan at det har skjedd noko særleg. Heller ikkje i det politiske miljøet har det vore særleg stort engasjement i slike spørsmål. Eg kjenner mange som ser for seg å bu i mindre leiligheter, til dømes i tilrettelagte «tun» framfor ein sjukeheim, så lenge ein kan unngå det. Dessutan vil kampen om sjukeheimsplassane ikkje bli mindre i åra framover, det viser alle prognosar, og vi ser allereie tendensen. Difor er det svært positivt at rådmannen i Kvinnherad har kome på banen og føreslege bygging av eit sentrumsnært seniortun med universell utforming på Husnes. Han meiner at kommunen snarast bør gå i gang med eit forprosjekt og marknadsføra seniortunet. Området rådmannen ser for seg er ferdig regulert, så det er nærast berre å begynna.

Frå mi tid i Eldrerådet hugsar eg elles at vi tilrådde bygging av slike seniortun i fleire bygder rundt om i Kvinnherad, noko også leiaren i Levekårskomiteen seinare tok til orde for i boka «Frå heim til heim». Det er også interessant å registrera gründeren Arne Gjerde sin idè om Fatlandsprosjektet på Halsnøy, som blant anna skal innehalda eit slikt «tun».

Takk for gode kommunale og private initiativ, og lukke til i det vidare arbeidet. Det blir interessant å følgja utviklinga framover.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags