Eg har prøvd å følgja med i saka om nedlegging av bufellesskapet for ungdom på Valen. Det har ikkje vore lett, for eg har fått inntrykk av at det skulle føregå i «det konfidensielle rom», heilt til ein av dei tilsette, Ingvild Olderkjær, uttala seg til Kvinnheringen for ei tid tilbake. Det som kom fram då både skræmde og engasjerte meg. Ein kan jo ikkje behandla desse unge gutane så hjartelaust og lettvint ut frå kommunen sine økonomiske behov.

Etter å ha lese Kvinnheringen onsdag 29/11, er eg endå meir skræmd! Eg kjenner ikkje dei aktuelle ungdommane på Valen, har berre så vidt helsa på nokre av dei høflege gutane på ulike arrangement, men etter at bufellesskapa vart etablerte sommaren 2016, har eg blitt litt kjend med både ungdommane og tilsette ved eitt av dei andre husa. Flotte ungdommar som har flykta frå alt, men som endeleg har fått ein «familie» rundt seg av tilsette. Positive, høflege, kjekke og svært arbeidsvillige ungdommar. Uvanleg engasjerte, dyktige tilsette med svært høg kompetanse for å gje dei unge gutane det dei treng, og har mista. For meg er det totalt uforståande at hovudtillitsvald i Fagforbundet kan oversjå desse tilsette i prosessen som har føregått, og på toppen av alt no i etterkant karakteriserer prosessen som god og etter regelverket. Så langt eg kjenner saka, må denne tillitsvalde totalt ha misforstått rolla si. Det er opplagt at denne burde tatt kontakt med dei tilsette som har viktigaste kompetansen i saka. Det er dei ho representerer. Det verkar på meg som at ho, som Kvinnheringen skriv, har kontor for tett på rådmannen. Det verkar som ho har gløymd at ho er vald til å representera medlemene, og ikkje er utnemnd av rådmannen. Eg har heldigvis aldri opplevd at tillitsvalde har ignorert medlemmene sitt syn tilsvarande i mine nær 40 år i Kvinnherad kommune!

Eg kjenner som nemnt ikkje gutane, men vedtaket riv meg «langt inni hjarterøtene». Det er så hjarterått. Desse ungdommane er 16–17 år. Dei har ein heilt spesiell bakgrunn. Foreldre som har hatt barn, oppvaksne under normale tilhøve, veit at dei ofte tar ein telefon til nettopp mamma eller pappa ved den minste motgang til dei er godt opp i 20-åra i alle fall. Desse gutane har kan ikkje gjera det. Nettverket deira er bygd opp rundt bufellesskap og verje den korte tida dei har budd der. Dei er læringsvillige og står på, men dei treng meir tid for å læra norsk og om det norske samfunnet. Dei har ei fortid som gjer at dei treng eit trygt og godt tilvære. Dei siste 10 åra har eg arbeidd med norskopplæring på Vaksenopplæringa. Eg har møtt så mange flotte folk. Mange av dei har vore flyktningar, og eg har fått høyra skræmande historier med forferdelege opplevingar før dei endeleg landa i Norge. Opplevingar som dei må leva med resten av livet. Ingen må tru at dei flyktar utan grunn. Ingen må tru at desse unge gutane har flykta frå foreldre, nettverk, kulturen og landet sitt utan at dei har vore nøydde til det.

Saka kom til avisene då ordførar Peder Sjo Slettebø vart invitert til middag hos gutane på Valen for å verta betre kjend med ungdommane. Også ordføraren fekk høyra sterke historier som gjorde inntrykk på han. Han bad difor administrasjonen om sjå på nedleggingsvedtaket på nytt, for å finna ei løysing som var best mogeleg for ungdommane. Flott og rett frå den fremste ombodsmannen vår. At den hovudtillitsvalde er kritisk til dette, og ber om eit møte med ordføraren er ikkje mindre enn ufatteleg. Ho burde ha rosa han for det, og ho burde gjort det same sjølv! Er det ikkje bra at han hentar kunnskap som skal vera til beste for det som vert bestemt i kommunen? Vi set i alle fall stor pris på at han kjem på møte i Uskedal Utvikling for å få kjennskap til bygda sine behov. Dette gjer også andre bygdelag, bedrifter, utviklings- og næringsorganisajonar m.m. Denne kontakten er også viktig for alle delar av utviklinga i kommunen vår, og Peder Sjo Slettebø er ein ordførar som er svært flink koma ut og møta dei han representerer.

Det er også flott at Hege Lægreid Røssland engasjerer seg for å få saka opp politisk. Eg håpar dette vil skje. Det er snakk om å investera litt i ungdommar som ønskjer å verta gode samfunnsborgarar. Vi har råd til det! Det starta godt. Lat oss fullføra. Vi ønskjer vel det beste?

Eg er imponert av arbeidet Kvinnheringen har gjort i denne saka. Det er ressurskrevjande arbeid som ligg til grunn for onsdagsavisa. Det munnar ut i ein svært god leiar. Dette arbeidet, som har føregått i fire veker, viser kor viktig saka er.

Til slutt vil eg gje ros til Ingvild Olderkjær som frontar saka når tillitsmannsapparatet ser ut til å ha svikta. Det er tøft og flott gjort. Eg er sikker på at mange vil ha ho og innsatsen hennar i tankane når vi feirar jul og nyttår i nær framtid!

Uskedalen 29.11.2017,

Thor Inge Døssland.

Les også:

Stor usemje om prosessen rundt nedlegging av bufellesskap for einslege, mindreårige flyktningar

Hovudtillitsvald Vibeke Fredheim: – Prosessen har vore etter regelverket

Rådmann Odd Ivar Øvregård: – I tråd med kommunestyret sitt vedtak

Skjerming eller ytringsfridom?

Hege Lægreid Røssland (SF) stiller ei rekkje spørsmål om prosessen

Ordførar Peder Sjo Slettebø: – I utgangspunktet inga politisk sak