Kommentar til Gaute Lund

Av
DEL

MEININGAR:Eg har ikkje tenkt å blanda meg inn i debatten om kven som er fødd i feil kropp eller ikkje, (men no begynte eg å lura). For når Lund prøver å forklara normale (folk med ein normalt utdelt porsjon sunt folkevett, og ditto anna vett) kva sunt folkevett er, ja, då er det så dumt at alle må forstå at Vårherre har ikkje vore særleg raus då han delte ut sunt folkevett der, og heller ikkje då han delte ut sunt anna slags vett heller der i garden. Og så er Lund så dum at han gjev partiet og andre lag ansvarlege i sine påstandar (sjå underteikninga hans i lesarbrevet onsdag 2. mars). Tvilar på om det er styrebehandla.

Eg vil føreslå at partiet hans finn ein person med sunt folkevett å senda til kommunestyret neste gong, det vil både partiet og samfunnet tena på.

Helsing ein som meiner han har fått utdelt normal kvote med sunt bondevett, og elles anna vett òg.

Les også: Det transfobe trollet som sprakk i sola

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags