– Kommunen manglar pengar seier dei, men det er ikkje mangel på pengar. Det er mangel på styring

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det skriv Hans G. Tufta i dette innlegget.

DEL

MEININGAR: 

For å få selt hyttetomter frå Toppo og Tuftaheiå hyttefelt, må krysset frå kommunevegen ut i riks-/fylkesvegen flyttast. Kommunen har pålagd oss som har hyttefelt å kosta og byggja nytt kryss for kommunen, dette gjeld dei som ikkje byggjer bustadhus. Krysset er i dag godkjent for alle, men ikkje for dei som sel hyttetomter. Er det rett at hyttefelta byggjer nytt kryss som alle kan bruka gratis? Utbygging av hyttefelt, 100 hytter, skapar arbeidsplassar og skatteinntekter for kommunen.

Det er 80 km/t fartsgrense på riks-/fylkesveg, og krysset har ikkje 100 meter sikt i begge retningar. Difor set Statens vegvesen krav om flytting av krysset med aukande trafikk. Beste løysinga er at kommunen går inn for å setja ned fartsgrensa til 60 km frå Ølve skule til og med garden Røyrane. Med litt utviding av inn- og utkøyring i krysset og sikt på 80 meter i begge retningar, kan krysset brukast slik det er i dag.

Trafikken på riks-/fylkesvegen har mangedobla seg etter at Lukksund bru kom, og det vart gjennomgangstrafikk. Mykje tungtrafikk på smale vegar. Vegen er smal, svingete, har bakketoppar og med mange avkøyringar laga då trafikken var liten. Vegen er brukt av born til og frå skule, og av folk til og frå Joker Ølve. Dette er grunnar nok til å setja ned fartsgrensa til 60 km/t. Eller må ein venta til det skjer ei ulukke?

Eg har ikkje høyrt at private blir pålagde å kosta nytt kryss på kommunevegen. Kommunen har ikkje pengar seier dei. Dei har heller ikkje pengar til vedlikehald, reperasjon av stikkrenner og kantslått. Det har vore to vintrar med lite snø – kor er brøytepengane blitt av? Kunne ikkje dei vore brukte til vedlikehald? Før hadde me kommunal vegvaktar som passa på at rister og stikkrenner var opne og såg til vegen. No i år med mykje nedbør flaut kommunevegen som ei elv i ein kilometer og tok med seg sand, lauv og anna ut på innmark to gonger. Me var to mann og reinska ristene til kommunen, som var dekte av 20–30 cm med lauv, pinnar og sand. At kommunen ikkje har folk som ser etter rister og liknande når det er meldt store nedbørsmengder er meg ei gåte.

Kommunen manglar pengar seier dei, men det er ikkje mangel på pengar. Det er mangel på styring av pengane. Det er vel berre ved kvart kommuneval me blir lova noko her i Ølve.

Ei historie frå sist kommuneval: Ordføraren var på besøk på Ølve alderspensjonat, og kom i diskusjon med ein 95-åring. Så seier 95-årigen; då eg var ung valde me dei flinkaste personane frå kvar bygd inn i kommunestyret. No trur eg det må vera det motsette.

Eg må seia meg einig me 95-åringen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags