– Kor er omtanken for kunden?

Av
DEL

MEININGAR:På Husnes Storsenter har det på kort tid blitt nedlagt tre butikkar, ein fjerde er under avvikling slik eg forstår. Trist for dei som driv, trist for kundane og mangfaldet. Det som også syner seg, er at butikkar legg ned i det stille og sel f.eks. gåvekort og gjev ut byttelappar heilt til siste dag.

Faktum er at du som kunde kjøper og betaler ei vare – butikkeigaren får vara tilbake og du får i retur det som kan være ein verdilaus papirlapp! Butikken sel så gjerne genseren din til ein ny kunde. Du har ingen rettar ved avvikling og dei passer seg vèl for ikkje å gjera kunden merksam på kva som er under oppsegling. Det oppdagar du når du neste dag kjem til stengt dør.

Dette er nok ikkje ulovlig, men moralsk forkastelig! Det finnest eksempel på kundar som taper fleire tusen! For meg er det jamgodt med svindel.

Er det slik butikkeigarar takkar sine kundar som faktisk kjem og handlar?

Eg kjem heretter aldri til å godta noko byttelappe – det blir enten å deponere eller få pengane tilbake – eller netthandel!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags