Kristendom, yoga og dialog

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– At ekstreme folk som høyrer til i ein religion eller trussamfunn frå tid til annan hevdar at folk frå andre religionar og livssyn enn deira eige, er påverka av vonde ånder og djevelen, er ikkje uvanleg, skriv Arne Hauge.

DEL

MEININGAR: 

Eg vil gjerne fyrst formidla ei personleg historie som er viktig for mitt forhold til yoga. I 2010 vart eg innlagt på Haukeland og fekk blokka ut ei blodåre i hjarta for å forhindra eit framtidig hjarteinfarkt. I 2016 fekk eg likevel hjarteinfarkt og vart utblokka ein gong til med godt resultat. Begge gonger vart eg møtt av eit fantastisk helsevesen som tok vare på meg på aller beste måte, mellom anna ved å tilby rehabiliteringsopphald på LHL-klinikken i Bergen i etterkant av inngrepet. Eg takka ja til dette og ein del av rehabiliteringa der var tilbod om kurs i «mindfulness» og i 2016 også «medisinsk yoga». Det var veldig fint å oppleva korleis eit fokus på pust og muskelspenning/muskelavspenning kunne ta bort stress og angst, gjera deg roleg og tømma deg for repeterande, negative tankar. Det var så effektivt at fleire i gruppa faktisk sovna på stolen eller golvet under økta. Seinare har eg hatt stor glede av å praktisera dette i samband med uttøying etter ei treningsøkt. For meg er yoga ei gåve som eg tek imot med takk. Det er ingen problem at teknikken har opphavet sitt i hinduisme og buddhisme.

Gjennom jobben min dei siste 20 åra har eg møtt svært mange menneske frå andre kulturar og religionar og frå andre kristne kyrkjesamfunn rundt om på jorda. Det har vore ein stor rikdom for meg å møta dei og bli kjend med tankane og bakgrunnen deira. Dei er forskjellige som oss, men eg har slett ikkje merka meg at det er mindre kjærleik og ærlegdom mellom dei enn mellom oss. Snarare tvert imot. Eg har møtt så mange smilande, vennlege, høflege og ærlege folk og mange viser stor gjestfridom og inviterer på besøk. Dei lever blant oss her i Kvinnherad og Kvinnheringen sin oversikt over statsstøtte til dei ulike trus- og livssynssamfunn nyleg viser kor mange det er. Eg veit at mange følgjer med i lokalavisene, og då eg var innom skulen på Husnes på fredag og hadde nokre vikartimar, var det ei ung dame frå Eritrea som kommenterte at eg hadde skrive i avisa. Ho og mannen hadde lese det.

At ekstreme folk som høyrer til i ein religion eller trussamfunn frå tid til annan hevdar at folk frå andre religionar og livssyn enn deira eige, er påverka av vonde ånder og djevelen, er ikkje uvanleg. Som kristen blir det ekstra sårt når slike haldningar blir forfekta av andre kristne. Eg har møtt så mange muslimar dei siste åra som kjenner seg sterkt såra av ytterleggåande muslimske grupperingar som brukar terror og vald. Dei kallar seg for muslimar, men dei er ikkje muslimar, er ei vanleg utsegn. Vi har to val når vi møter ekstreme haldningar. Vi kan registrera at slike tankar finnest, oversjå dei og gå vidare som om vi ikkje har høyrt dei. Eller vi kan gå i dialog. Eg meiner at vi må stå opp og våga å ta debatten, men måten ein gjer det på er heilt avgjerande for om debatten skal bli fruktbar. Orda må silast gjennom kjærleikens og ærlegdomens filter.

I Evangeliet etter Johannes 13,35 står det: På det skal alle forstå at de er mine læresveinar – på det at de har kjærleik til kvarandre.

Av og til kan utsegner bli hardare enn det som var tenkt, og dei kan bli oppfatta annleis det som var meint. Då kan det vera godt å bruka dialogen og klara opp i ting før ein går vidare.

Det er heilt tydeleg for meg at vegen som Jesus peikar på er «det å vera eit ærleg og kjærleg medmenneske». Og at ærlegdom her inkluderer ei forståing av at vi treng både hjelp og dagleg tilgjeving på vegen, fordi dette er krav som ingen klarar å innfri med eiga hjelp.

Eg meiner at evangelieforteljingane om Jesus, talane hans, likningane hans og samtalane han har med den tidas skriftlærde, er gjennomsyra av bodskapen om at det er dette det handlar om; «det å vera eit ærleg og kjærleg medmenneske» I Bergpreika er han svært sterk og tydeleg på kva kravet om nestekjærleik inneber. Dei mange eksempla toppar seg i spissformuleringane om at «Du skal elska fiendane dine...» og «Det som de gjer mot ein av mine minste, det har de gjort mot meg...». Det er ingen tvil om at han inkluderer alle som vi  møter på vår veg gjennom livet og det er ingen tvil om at han likestiller nesten vår og Gud. Det gjer han også krystallklart då han svarar den skriftlærde som prøver å setja han fast: «Meister, kva bod er det største i lova? Han svara: Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta, og av all din hug og av alt ditt vit. Det er det største og fyrste bodet. Men det er eit anna som er like stort, og det er: Du skal elska nesten din som deg sjølv. På desse to boda kviler heile lova og profetane» (Matt 22. 36 – 41).

Dette er den gylne regelen, bodet om nestekjærleik eller gjensidighetsprinsippet, som Jesus her gjer til eit heilt overordna prinsipp. Det store og gledelege er at dette prinsippet finnest i stort sett alle religionar og livssyn, og fanst også i dei store verdssivilisasjonane før vår tidsrekning. Saman med fråsegna om menneskerettane er det også kjernen i humanetikken.

Det er viktig å få fram at sjølv om ein skil lag i synet på mange ting, så har ein i den gylne regelen eit felles ideologisk syn på kva som er viktig.  Her har me det beste utgangspunktet for dialog som er einaste måte å  utvikla åndsfridom, toleranse og humanitet på.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags