– Kva gjer staten for å sikra dyrevelferd? Svaret er: Ingenting.

Av

– Kva gjer så staten for å ta vare på, og ha kontroll på, sine dyr? Kva gjer staten for å sikra dyrevelferd for desse? Svaret er: Ingenting, skriv Reidar Ebne.

DEL

MEININGAR: 

Ein kan lese i media at staten, ved mattilsynet, meiner at for mange dyr lid på utmarksbeite. Dette går utover dyrevelferda. Bonden må ha meir tilsyn med buskapen.

I dei seinare åra har staten vorten svært oppteken av freding av rovvilt. Grunna ny retning i forvaltninga har desse fått auke nærast fritt utan nokon form for kontroll. Staten har bygd opp ein stor bestand. Alt vilt er statens eigedom, både mat vilt og rovvilt. Kva gjer så staten for å ta vare på, og ha kontroll på, sine dyr? Kva gjer staten for å sikre dyrevelferd for desse?

Svaret er: Ingenting.

Den tek ikkje ansvar for å sikre eigne dyr tilstrekkeleg mattilgang og dyrevelferd. Når det er lidingar i statens dyreflokk endrast ordbruken til «naturens gang». I tillegg til dette lèt dei eigne dyr nytte bondens dyr til føde. Dette utan at sistnemnte skal få noko som helst kompensasjon for dette og bonden blir skulda for at han ikkje tek vare på sine dyr. I tillegg har staten fråtatt bonden mange av moglegheitene til å forsvare eigen buskap og for på den måten å unngå unødige lidingar. Ville det ikkje vore naturleg at staten tok ansvar for å dekke kostnad med mat til eigne dyr? Sjølv staten kan ikkje forvente at andre skal brødfø deira dyr.

Staten og mattilsynet er svært opptatte av at dyr ikkje skal lida. Er dette ivaretatt med statens driftsform? Er alle dyra deira sikra tilstrekkeleg mattilgang av rett kvalitet? Har dei ordna med «beiterett» hjå dei bøndene og grunneigarane som eigentleg betaler gildet?

Frå tidenes morgon har ein nytta naturen for å skaffe seg matvilt. Slik ein no forvaltar desse ressursane er rovdyrets rett sett framfor jegeren/mennesket. Ville det ikkje vore meir naturleg om ein hadde ein redusert rovdyrbestand og nytta viltet som den gode matressursen det eigentleg er?

Staten har òg ansvar for å ivareta og forvalte Europas nordlegaste villreinstamme. Når det gjeld villreinstamma på Hardangervidda har ein nettopp oppdaga at tal dyr er mykje lågare enn det staten hadde føresett. Dette trass i årlege teljingar med helikopter. Kvota for årets reinsjakt vert redusert med 75%. Når det gjeld bonden har han krav om å til ei kvar tid kunne gjere greie for tal dyr i sin flokk. Dette for å sikre tilstrekkeleg mattilgang og fremje dyrevelferd. Har staten kontroll på sine dyr?

Ut frå ovannemnde er det særs vanskeleg å oppretthalde tiltrua til staten, denne skal gjennom Mattilsynet kontrollere bonden og dyrehaldet hans. Slik staten opptrer demonstrerer staten si makt, men samtidig sin inkompetanse og forskjellshandsaming. Skal ein akseptera slike tilstandar? Er dette ei type forvaltning som Noreg kan vere kjend ved?

Eg berre undrast...

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags